NYE GRØNE VOLDA - Arbeidsprogram for MDG Volda, 2019 - 2023

Alt som skjer i Noreg, skjer i ein kommune. Difor er det viktig at vi tek ansvar her vi bur. Vi vil jobbe for at Volda skal verte ein grøn føregangskommune med ein berekraftig økonomi. Vi vil prioritere lovpålagte tenester og tiltak for auka livskvalitet.

31. august, 2019

 

Her kan du. laste ned programmet som pdf:

NYE GRØNE VOLDA Arbeidsprogram 2019-2023

ARBEIDSPROGRAM FOR MILJØPARTIET DEI GRØNE I VOLDA 2019-2023

Miljøpartiet dei grøne i Volda vil ta vare på framtida. Slagordet vårt forvalet 2019 er “for menneske og miljø”. Å gjere Volda meir berekraftig handlar ikkje berre om kutt i klimagassutslepp. Vi vil gjere det som skal til for at Volda skal vere bra for menneska, velferda og miljøet. MDG Volda har teke utgangspunkt i FN sine 17 berekraftsmål når vi laga våre 10 mål for Volda. Dette gir ei ny og konstruktiv tilnærming til Volda-politikken. Å ta vare på miljøet er å ta vare på oss sjølve!

 

10 BEREKRAFTSMÅL FOR VOLDA 2019-2023

VOLDAMÅL 1: Fridom og likskap i mangfaldsbygda Volda

VOLDAMÅL 2: Reint vatn og rein fjord

VOLDAMÅL 3: God helse og livskvalitet

VOLDAMÅL 4: Ein god skule og ein kreativ oppvekst

VOLDAMÅL 5: Grøn og trygg samferdsle for alle

VOLDAMÅL 6: Eit berekraftig og grønt arbeidsliv

VOLDAMÅL 7: Berekraftig forbruk og sirkulær økonomi

VOLDAMÅL 8: Berekraftige bygder, levande sentrum og gode nabolag

VOLDAMÅL 9: Vern om matjorda, dyra og naturen

VOLDAMÅL 10: Volda med globalt ansvar

.
.
.

VOLDAMÅL 1: Fridom og likskap i mangfaldsbygda Volda

MDG vil arbeide for å redusere forskjellar.

Alle barn må få moglegheit til meiningsfulle fritidsaktivitetar uavhengig av familieøkonomien. Vi vil innføre open hall i idrettsbygga i kommunen. Dette skal vere eit gratis aktivitetstilbod for barn og barnefamiliar, der det vert sett fram diverse aktivitetsutstyr for allsidig kroppsbruk. Alle barn og unge i Volda må få høve til å nytte idretts- og kulturbygga i kommunen, uavhengig av foreldra sin økonomi. Det frivillige kulturlivet og barneidretten må få rimeleg tilgang til eigna øvingslokale.

Ikkje alle finn seg til rette i den organiserte idretten, vi vil difor støtte lag og organisasjonar som sikrar eit breiare tilbod.

Barnefattigdom:

Vi vil freiste å innrette sosialhjelpa i kommunen på ein måte som effektivt motverkar barnefattigdom. Vi vil følgje med på om regjeringa innfrir løftet om å endre regelverket for inntektsberekning, slik at økonomisk vanskelegstilte barnefamiliar kjem betre ut enn dei gjer i dag.

Moderat eigedomsskatt:

MDG aksepterer at det vert kravt inn ein moderat eigedomsskatt. Kommunen treng denne inntekta til investeringar i felles gode for innbyggjarane.

Miljøpartiet Dei Grøne i Volda vil:

  • sikre at alle barn får ta del i fritidsaktivitetar, uavhengig av familieinntekt.
  • støtte utvikling og drift av utlånssentralen BUA for blant anna sportsutstyr. På sikt ønskjer vi at utlånstilbodet vert utvida til for eksempel verktøy, hagereiskap, grovkjøkkenutstyr og utkledningstøy.
  • jobbe for ei meir rettferdig utrekning av sosialstønad til barnefamiliar.
  • sørge for rimelege og eigna bustadar til dei som treng det.

VOLDAMÅL 2: Reint vatn og levande fjord

MDG er positive til oppdrettsanlegg i fjordane i Volda, men ynskjer å få denne drifta inn i lukka anlegg, slik at ressursane frå næringa kan utnyttast til det fulle.

Vatn og avløp i Volda er ikkje rigga for ekstreme nedbørsmengder som vi kan vente oss i framtida. Vedlikehaldsetterslepet på dette området er stort. Dette har ein kostnad, men den aukande tendensen med flaum og skred vi har sett siste åra syner at det er meir kostbart å ikkje investere i eit robust system for vatn og avløp. MDG vil vurdere ulike måtar kostnadsauken i gebyr for vatn og avløp kan gjennomførast, slik at den økonomiske belastninga for husstandane vert så handterleg som råd.

Vi er generelt skeptiske å gje nye konsesjonar til vasskraftverk i elvar som per i dag ikkje er regulerte og utbygde. Dette har både med omsynet til naturmangfald og turisme å gjere.

Vi vil sjå på om det er mogleg å innføre vernesoner for hummar i fjordane, med intensjon om å sikre bestandsauke. Strengare regulering for lysfiske og bruk av ringnot i fjordane må på plass for å sikre lokale bestandar.

Miljøpartiet dei grøne i Volda vil:

  • At omfanget av ureining under og kring oppdrettsanlegga skal dokumenterast.
  • Går imot konsesjonar for nye anlegg inntil eksisterande anlegg er lukka.
  • Vedta ein nullvisjon for rømning, lus og ressursar på avvege i oppdrettsanlegg iVolda kommune, med fastsett dato for målet.
  • Søke miljødirektoratet om tilskot til lokale fisketiltak for å ta vare på og fremjeberekraftig bruk av bestandane av villaks og sjøaure.
  • Sørge for framgang i arbeidet med opprustinga av vatn og avløpssystemet i Voldasentrum.

VOLDAMÅL 3: God helse og livskvalitet

Naturen som kjelde til livskvalitet:

Vi må legge til rette for at alle skal kunne bruke naturen i nærområda sine og samstundes ta vare på desse områda. Vi vil ha fleire fellesgrillar på Årneset, og andre aktuelle samlingspunkt i kommunen. Vi vil ha fleire søppeldunkar i slike område, og sørge for at dei blir tømt ofte nok.

Vi vil at Volda kommune skal forby eingongsgrillar og eingongsplast.
I samband med festivalar som blir haldne på kommunen sitt område, vil vi stille miljøkrav til arrangøren.

Idrett og friluftsliv:

MDG ynskjer å løfte fram den uorganiserte idretten og legge betre til rette for friluftsliv og anna uorganisert fysisk utfolding. Vi vil ruste opp/ta vare på grøne lunger og leikeplassar i byggefelta. Leikeapparat og benkar kan gjere dette til samlingsstadar for både unge og gamle, og bidra til at born leikar ute igjen. Vi ønsker å tilby ansvaret for fellesområda til dei einskilde grendalaga, og følgje opp dette med ei økonomisk ramme.

Idrettsanlegg:

Volda kommune er ein stor bidragsytar i prosjektet VCA. Vi ser det som rimeleg at kommunen disponerer treningstider i anlegget, også utanom skuletida. Vi er imot bruken av gummigranulat i kunstgrasbaner, og vil ikkje støtte kommunale overføringar til dette.

Helse og omsorg:

Sikre at bebuarane på institusjonar for sjuke og gamle vert servert dagsfersk mat av høg kvalitet. Også den middagen som blir sendt ut til heimebuande eldre må vere nylaga, og gjerne ein vegetarmatdag i veka. Kommunen bør ha kontakt med Inn-på- tunet-gardar for å kunne tilby slike aktivitetar til brukarar som vil ha utbytte av deira tilbod.

Vi vil gjere oss nytte av dei moglegheitene som ligg i velferdsteknologi, som gjer at menneska får betre kvardagar og legg til rette for at dei som ønskjer det kan bu lenger heime.

Miljøpartiet Dei Grøne I Volda vil:

  • Jobbe for betre fasilitetar for fastlegane i kommunen.
  • Sette opp teljepunkt for sykkel og forgjengarpasseringar på høveleg punkt.
  • Vere positive til grøn dulting (nudging) og gulrøter for klima og miljøvenleg åtferd.
  • Undersøke moglegheitene for ein samanhengande gangveg nær fjorden frå Munkentil Garvarbuda, sjølvsagt med sløyfe bak Brunvoll.
  • Styrke førebygging og livsmeistring i eldreomsorgen.

 

VOLDAMÅL 4: Ein god skule og kreativ oppvekst

Grønn politikk har framtidige generasjonar i sentrum. Barna er den viktigaste ressursen vår, så det er vårt ansvar å skape gode liv for dei. Vi vil legge grunnlaget for god læring gjennom heile livet ved å fokusere meir på ulike former for læring gjennom fagleg fordjuping, kreativ leik og skapande aktivitetar – og mindre på målstyring. Vi vil ha små einingar, for å sikre tryggleik og trivsel for barna.

Barnehage:

Barn skal først og fremst kunne gå i barnehage i eige nærmiljø, og søsken skal sikrast høve til plass i samme barnehage. Då kan barn både knyte band med nabobarna og bygge trygge vennskap. Dette har en stor eigenverdi, men gjer også overgangen til å starte på skulen tryggare. Alle barn i Volda sine barnehagar skal bli kjent med eige nærmiljø og moglegheitene for fritid og friluft der dei bur. Dei minste borna må sikrast høg pedagogtettleik og små grupper.

Skule:

6-årsreforma skulle gi ein mjuk overgang mellom barnehage og skule. Vi vil at det første året på barneskulen brukast til leikbaserte aktivitetar, slik intensjonen var då reforma vart innført. Stillesittande undervising er krevjande for mange barn og unge. Skulane bør i større grad bruke alternative læringsformer og aktivitetsbasert undervisning på alle trinn i grunnskulen.

Eit symjedyktig Volda:

Volda har nærleik til fjord og vatn, og symjedugleik kan bety forskjellen mellom liv og død. Alle barn bør lære å symje – ikkje berre i basseng, men også i innsjø eller fjord. Vi ønskjer eit massivt løft av symjeundervisinga i skulen gjennom auke av timetalet og tilbod om ekstraundervising ved behov. I tillegg må det sikrast nærleik til badefasilitetar i dei ulike bygdene, enten det er basseng, badevatn eller strender.

Miljøpartiet Dei Grøne i Volda vil:

  • Prioritere å få på plass eit symjebasseng som tilfredsstiller krava til symjeundervisning i grunnskulen i denne perioden.
  • Bygge ny ungdomskule.
  • Sørge for at ungdomen får eit høveleg lokale til ungdomsklubb.
  • Ruste opp Engeset barnehage.
  • Nytte området ved Oppigarden og Sollia barnehagar til ny felles barnehage.
  • Sikre ressursar til gjennomføring av fagfornyinga i skulen.
  • Støtte satsinga på digitale ressursar i grunnskulen og sikre at lærarane har godkunnskap om bruk av verktøya.
  • Sikre to kontaktlærarar i alle klassar i småskulen (1.-4. kl.) med meir enn 16elevar.
  • Sikre at alle læremiddel til elevar i Voldaskulen ligg føre på nynorsk.
  • Fremje frileik, song og undring i småskulen.
  • Satse meir på undervisningsmateriell som støttar det praktisk/estetiske istorskulen (5.-7. kl.).
  • Legge til rette for at alle skular skal ha ein skulehage, gjerne i samarbeid medlandbruksnæringa.
  • Melde dei kommunale skulane inn i Natursekken: https://www.natursekken.no/
  • Sikre eit stimulerande fysisk utemiljø på ungdomsskulen når den skal byggast ny.
  • Ha fleire miljørettleiarar i skulen.
  • Styrke helsestasjonen og skulehelsetenesta.
  • Jobbe for at spesialundervisning blir gitt av personar med formellspesialpedagogisk kompetanse.

 

VOLDAMÅL 5: Grøn og trygg samferdsle for alle

Skal Volda kommune følge opp folkehelseprinsippet i kommuneplanen og måla i den snart utdaterte klimaplanen så er det ein føresetnad at ein legg til rette for mykje betre tilhøve for mjuke trafikantar. MDG vil arbeide for tette og sterke lokalsamfunn med mindre behov for motorisert transport. Vi vil føre ein politikk som er bra for gåande, syklistar og kollektivreisande.

Sidan Volda kommune har spreidd busetnad, vil vi også leggje til rette for bilistar gjennom vedlikehald av eksisterande vegnett, men vi er imot vegbygging som fører til kapasitetsauke og går på bekostning av dei mjuke trafikantane. Sentrumsgatene bør vere på dei mjuke trafikantane sine premissar, og vi vil sette ned fartsgrensene her.

FV 60 i Hornindal treng ei kraftig revitalisering. FV 40 kring Dalsfjorden treng rassikring og utbetring. Dette er saker MDG vil arbeide for at fylket skal ta tak i så snart som råd.

Miljøpartiet Dei Grøne Volda vil:

  • Halde fram med å jobbe for ei snarleg realisering av Voldatunnelen.
  • Jobbe for at trygg ferdsel til Munken bør innarbeidast i ny vegløysing langsgamle E39
  • Auke sykkelbruken i kommunen ved å merke hovudfartsårane for syklistar ogrøyste for andre tiltak som fører til betra tilhøve for syklistane.
  • Arbeide inn mot fylkeskommunen for å få på plass ei ringrute mellom Voldaog Ørsta med hyppige avgangar som inkluderer flyplassen.
  • Få på plass gode bussruter mellom Volda og Grodås, som blant anna gjer detlettare for ungdom i Hornindal å velje vidaregåande skular i Volda og Ørsta.

    Dette vil også gjere tilkomsten frå Hornindal til sjukehuset lettare.

  • Trygge ferjetilbodet til Lauvstad og Folkestad med minst like gode ruter som idag. Slik sikrar vi kollektivtilbodet til og frå sentrumskjernen.
  • Få på plass trafikktryggingstiltak for mjuke trafikantar i Kjøshammartunnelen.
  • Røyste imot løyvingar til bompengeselskapet Voldsfjordkryssing.
  • Få på plass hurtigladestasjon på høveleg stad i Volda sentrum

 

VOLDAMÅL 6: Eit berekraftig og grønt arbeidsliv

Den digitale utviklinga går raskare enn nokon gong, og det vil vi utnytte i Volda. Tenestene til Volda kommune skal verte nyttigare, meir brukarvennlege og meir effektive. Kontakten mellom innbyggjarane og det offentlege skal vere enkel, og kommunen skal tilby eit felles digitalt kontaktpunkt. Vi må også sikre at all nettrafikk til og frå offentlege nettsider og appar skal være kryptert slik at personvernet vert godt nok ivareteke. Kommunen må stille krav til grunnleggande tryggleik og personvern ved innkjøp av IKT-tenester. Alle offentlege data bør gjerast fritt tilgjengeleg på opne format.

Kommunen må vere ein lærande organisasjon, fordi framsteg skjer gjennom utprøving.
Digitaliseringa må nyttast til kvalitetsauke for både arbeidstakarar og tenestemottakarar.

Vi ynskjer å innføre digitale køyrebøker i alle kommunale bilar, for å kunne optimalisere bruken av kommunen sin bilpark.

Vi vil arbeide for at fleire som ynskjer heiltidstillingar skal få det. Samstundes skal dei som frivillig ynskjer deltid også vere velkomne til å arbeide i Volda kommune.

Store arbeidsplassar er ein del av Volda. Vi vil legge til rette for at større verksemder som sjukehuset og høgskulen har moglegheit for å utvikle seg vidare. Dei store industriarbeidsplassane i Volda er eit viktig bidrag til mangfaldet, og vi vil sikre at desse kan halde fram med si drift i vår kommune.

Vi ynskjer å utvikle turismen i Volda til ei berekraftig næring med mange sysselsette. Vi er positive til tilbydarar som får turistane til å vere lenge i kommunen, og ynskjer å dyrke fram kvalitetstilbod der vi får opp talet på overnattingsdøgn. Difor er vi imot cruiseturisme i Hjørundfjorden. Vi vil betre infrastrukturen for turisme som baserer seg på naturopplevingar der turistane set eit så lågt avtrykk som råd.

Miljøpartiet Dei Grøne i Volda vil:

  • Jobbe for å redusere ufrivillig deltid.
  • Tilby reduserte stillingsprosentar til dei som ynskjer det.
  • Arbeide for at gründerar i regionen skal etablere seg i Volda.
  • Legge opp til infrastruktur som stimulerer til berekraftig turisme.
  • Fremskunde digitaliseringa av det offentlege, og sørge for god informasjonog medverknad frå brukarane av kommunale tenester.

VOLDAMÅL 7: Berekraftig forbruk og sirkulær økonomi

Vi kan ikkje lenger kjøpe og kaste i den grad vi har gjort dei siste åra. Forbruket vårt er større enn jorda vår kan tole. Mange ting er laga for å ikkje vare så lenge, slik at vi stadig må kjøpe nytt. Vi blir også påverka til å skulle ha“det siste nye”.

Kommunen skal halde ein gjennomgåande høg grøn standard for alle innkjøp, og prioritere miljøsertifiserte tilbydarar ved anbodsrunder. Ved innkjøp av køyretøy og anleggsmaskiner legge stor vekt på klimaeffektive løysingar.

I alle kommunale nybygg skal dei mest klimavennlege materiala og løysingane prioriterast. Ein skal alltid vurdere solceller på tak og berekonstruksjonar i
tre. Nybygg bør også være klimanøytrale, altså følge passivhusstandarden.

MDG oppfordrar til reparasjon og gjenbruk, og vil støtte arbeidet med å opprette Re:Lab, makerspaces og andre verkstadar for å forlenge levetida til tinga vi omgir oss med.

Matsvinn er eit problem som indirekte fører til store klimagassutslepp. Vi vil arbeide for tiltak som kan redusere matkasting, både frå privathushaldningar, institusjonar og matbutikkar.

Miljøpartiet dei grøne i Volda vil:

  • Nytte innkjøpsregelverket til å gjere kommunen sitt forbruk så klimavennleg som råd.
  • Innføre klimabudsjett med fastsette mål for reduksjon i utslepp.
  • Føre eit klimarekneskap for å halde kontroll på om utsleppsreduksjonen eri rute.
  • Sørge for kompetanse i administrasjonen til å leie klimaarbeidet.
  • Jobbe for at VØR har dei rammene dei treng for å handtere avfallet i Voldapå ein slik måte at innbyggjarane våre i størst mogleg grad får ein sirkulær

    ressursbruk.

  • Vidareutvikle ordninga med lån av utstyr til sport og friluftsliv (BUA)
  • At kommunen skal auke postane til vedlikehald og energiøkonomisering aveigne bygningar i sine budsjett.
  • Forby sal av eingongsgrillar i Volda kommune.
  • Sette opp fleire bosdunkar i Elvadalen

VOLDAMÅL 8: Berekraftige bygder, levande sentrum og gode nabolag

MDG vil bidra til at busetjinga i bygdene vert oppretthalden. Ei bygd som får behalde skulen sin har betre føresetnader for at unge familiar vi busetje seg der. Kommunen treng betre verktøy for å sikre at bu- og driveplikta vert oppretthalden.

Sentrumsutvikling og handel:

MDG vil gjere sentrum til ein levande møtestad der kultur, bustadar og næringsverksemd forsterkar kvarandre. Vi ynskjer fleire lågterskel møtestadar og utandørs aktivitetsrom.
Vi vil konsentrere parkeringsplassane og gjere det lettare å vere mjuk trafikant i Volda sentrum.Vi ser for oss ei løysing med “delte gaterom” der bilar og fotgjengararkan vere samstundes, og med varierande tyngde etter årstidene, t.d. parkering om vinteren og park om sommaren. Vi er for miljøgater i sentrum med låg fart og grøne innslag i form av tre, busker og blomar.

“Markagrense” som ramme for utbygging:

Volda er ein bygd i vekst, og dette skaper både moglegheiter og utfordringar. MDG vil jobbe for at det vert etablert ei markagrense som skal ligge fast, slik at vi kan ta vare på den grøne horisonten som innbyggjarane set pris på. Vi vil difor gå imot vidare utbygging oppover fjellsidene.

Bustadvekst i sentrum:

Bustadveksteninestekommunestyreperiodebørprimærttakast gjennomfortetting i sentrum og t.d utbygging av asfalterte tomter. Busshaldeplassen og området ved Cirkle K er eit godt eigna område for framtidige byggeprosjekt. Her kan ein samstundes få til offentlege parkeringsareal som vil avlaste det historiske sentrumet.

Miljøpartiet dei grøne i Volda vil:

  • Setje ned fartsgrensa til 30 i heile sentrum
  • Øyremerke midlar til oppmerking av overgangsfelt.
  • Greie ut moglegheitene for sykkelfelt på strekninga Storgata – Ottamarka .Kårstadvegen – Stadion.
  • Avgrense ekspansjonen av Volda tettstad til fordel for fortetting.
  • Opne for “høgare hus” i bakre sentrumskjerne i Volda (busshaldeplassen/Cirkel K).
  • Bevare grøntareal i Grodås og Volda sentrum.
  • Legge meir av ansvaret for friområda og grøntareala i nærmiljøa over pågrendalaga, og sørge for økonomiske rammer til vedlikehald og realisering av

    lokale initiativ.

  • Ikkje ha høge blokkar i Rotsetfjøra.

VOLDAMÅL 9: Vern om matjorda, dyra og naturen

Landbruket i Volda vil stå meir sentralt når Hornindal vert ein del av kommunen. Med usikre klimatiske forhold i framtida vert matsikkerheit stadig viktigare. Lokale fôrressursar er ein verdi vi må hegne om, og vil difor utvikle meir areal til matproduksjon framfor å byggje det ned. Vi ser på små og mellomstore bruk som meir berekraftig i vår region enn dei store bruka som det vert lagt opp til med den politikken som den sittande regjeringa fører.

MDG ynskjer å stimulere til at fleire kan drive landbruk som ei binæring i tillegg til anna arbeid. Vi meiner at dette er den beste måten å få utnytta så mykje som mogleg av det drivverdige arealet i kommunen.

Miljøpartiet dei grøne i Volda vil:

  • Sikre at kravet om buplikt vert oppretthalde.
  • Stimulere til auka bruk av utmarksbeite.
  • Ha ein nullvisjon for tap av matjord i Volda kommune.
  • Halde på dei gardsbruka vi enno har igjen.
  • Ha meir grønsakdyrking.
  • Hindre gjengroing og stimulere til meir utmarksbeiting.
  • Sikre mangfald og vern av skog.
  • Fjerne svartelista artar. Kommunen bør ta initiativ til dette arbeidet.
  • Verne myrområda, dei held på/bind til seg mykje CO2

 

VOLDAMÅL 10: Volda med globalt ansvar

Utfordringane med klimaendringar og skeiv fordeling av ressursar i verda er ikkje eit problem som Volda kommune kan løyse på eiga hand. Likevel er det viktig at vi erkjenner at vi må gjere vår del av jobben. Parisavtalen legg føringar for kva mål vi skal setje oss for reduksjon av klimagassutslepp. Vi meiner at desse føringane bør oppfattast som minimumskrav.

Miljøpartiet dei grøne i Volda vil:

  • At Volda kommune skal anerkjenne at vi står i ei klimakrise, og at vi har eit ansvar for å handtere krisa.
  • Skrote eksisterande klimaplan og erstatte han med to nye kapittel i kommuneplanen: Eit klimakapittel og eit miljøkapittel.
  • Setje konkrete mål for klimagassutslepp med reduksjonsmål som harmonerer med Parisavtalen.
  • Innføre forpliktande klimabudsjett og klimarekneskap som styringsverktøy for måla i kommunenplanen.
  • At natur og miljømål i eksisterande planverk må flettast inn i, og få ei førande rolle i kommuneplanen og forvaltninga.
  • Halde fram som Fairtrade-kommune.
  • Boikotte varer produsert i område som bryt med folkerettslege prinsipp.