Fotocredit:

Om flyktningar, hundekle og slikt …

Ei sak som har vorte svært aktuell i nyheitsbilete siste tida er den aukande flyktningstraumen som no har teke vegen nordover i Europa. Spørsmålet er ikkje om kommunen di kan ta i mot, men helst kor mange?

10. september, 2015

All type innvandring til landet har ikkje fortona seg like bra, det kan vi sjå når vi ser tilbake på historia. Likevel er her både flyktningar, politiske asylsøkjarar og arbeidsinnvandrarar som har berika landet og funne seg bra til rette her.

Slik eg ser det er dette nok berre toppen av isfjellet kva flyktningstraum angår. Fleire land må vere villige til å ta i mot folk som er i naud, Noreg kan ikkje redde alle. Likevel forstår eg at landet kan freiste når ein skal prøve å finne ein trygg skanse for seg og eventuelle familiemedlemmar. Lite arbeidsløyse som vi har hatt og langt frå krig og uro ute i verda.

Det var som han sa ein innvandrar ungdom som eg snakka med, han kom her utan foreldre: »-Eg trudde ikkje det fans tiggarar i Noreg». Han hadde gjort store auge då han såg dei tiggande narkomane i Oslo.

Vår materielle velstand i vesten er vide kjent, men nokre gonger tenkjer eg at vi har det litt for godt og derfor har vanskar med å sette oss inn i korleis det må vere å misse alt ein har.

For å sette dette litt i perspektiv kan eg forklare at eg er svært glad i dyr. Ingen ting gjer meg gladare enn å forstå at desse vert tekne godt vare på. Likevel vil eg påstå at det blir sjukt og kvalmande når du høyrer at 23 millionar amerikanarar kledde ut dyra sine for 350 millionar dollar under Halloween feiringa i 2014! Talet var ei auke på 30 millionar dollar frå 2013 i ifølgje The National Retai Federation (NRF) Så gale er det enno ikkje her til lands, men det har teke bra av med sal av hundekle her også. Då ser eg vel og merke vekk frå dei som har ein svært kortpelsa hund som skal ut i vinterkulden e. a. spesial behov. Netthandelen går no strykande og plagga går som varmt kveitebrød.

Det er berre ein liten del av vårt forbruk, sett på spissen. Vi veit alle at det gjeld så uendeleg mykje meir.

På byrjinga av 90-talet vart Steinar Lem frå Framtiden i våre hender (Noreg sin største miljøorganisasjon for etisk forsvarleg og miljøvenleg forbruk) utkledd i eit innringings-program der temaet var nettopp;

«Forbruk». Ei bestemor med stor handlelyst var opprørt over å ikkje få kjøpe så mange presangar til barnebarna sine som ho ønskte. Dama var pengesterk, og ville vise at ho sette pris på dei. Men det kan faktisk vere at ho kunne syne det på andre måtar også, var min tanke. Då eg var lita sette eg iallfall mest pris på tida med familien sine gamlaste med å få høyre frå gamle dagar då dei var små, og korleis dei leika seg, om skulegongen deira og alle gode historiene dei fortalde.

Flyktningane som kjem har ofte avrivne band til sine nærmaste. Får dei bli må dei lære eit nytt språk og ta omsyn til nye levesett som det er viktig at dei vil ta inn og lære seg. Mange av desse er barn som kjem utan nære familiemedlemmer. Det er ikkje alltid dei veit om dei lever lenger, og om dei vil sjå dei att nokon gong. Dette varierer.

Allereie no er der stor mangel på fosterforeldre. Dette gjeld både barn og unge frå etnisk norske og utanlandske familiar. Flytningestraumen vil gi enno større etterspørsel. Eg vil oppmode folk til å tenkje seg om. Er der er plass til ein ekstra i husstanden? Og kan dei melde seg for å finne ut om dei kan ta i mot einkvan? Du treng ikkje alltid om å ha ungar eller partnar frå før, for du kan bli godkjent også om du er einsleg. Dette må sjølvsagt ikkje vere noko folk føler seg pressa til. Men det har vore ekstra etterspørsel etter innvandrarfamiliar som ikkje opphavleg er norske. Nokre har kome til landet frå før og er godt integrerte, dei veit kva det vil seie og kome nye inn i Noreg, har lært norsk og har kanskje litt ekstra tid å tilby.

På denne måten kan dei bli ein resurs for samfunnet, og får lære frå seg av sine erfaringar, det kan også vere ein fordel med etnisk og kulturell likskap. Dette fordi det kan gi meir inntrykk av tilhøyrsel og p.g.a. morsmålet. Dette kan vere eit alternativ om ein ynskjer ei stor familie, for det er ikkje alltid det er blodsbanda som gir mest glede og inspirasjon i heimen.

Miljøomsyn må integrerast breitt på alle nivå i samfunnet

Stem MDG du også 14. september.

Iren Aambø

3. kandidat MDG Ørsta