Fotocredit:

Akutt for Volda sjukehus

Helseministeren har mot faglege fakta og sunn fornuft gått inn for å avvikle akuttkirurgien ved Volda sjukehus. Dette er ingen tent med. Ikkje pasientane, ikkje fagfolka og ikkje samfunnsøkonomien. Så lenge helseforetaksmodellen herjar med fagfolk og pasientar på norske sjukehus, vil vi aldri få til eit tillitsskapande helsevesen. MDG vil avvkle denne byråkratiske stykkprismodellen og gi fagfolk og politikarar ansvar for drifting av sjukehusa i Norge.

23. november, 2015

Argumenta til statsråd Høie har blitt tilbakevist av legar og andre fagfolk på Volda sjukehus utallige gongar. Vi treng statsrådar som er i stand til å lytte.

At ein akuttkirurgi skal trenge 6-8 kirurgar i turnus og tene 60 000 til 80 000 innbyggarar for å kunne gjere ein god jobb, er ikkje dokumentert, og fjernt frå realitetane i arbeidsdøgnet på lokalsjukehusa.

Om eit sjukehus har tre eller fem kirurgar så må ein ha tillit til at sjukehuset sjølv finn fram til ei god ressursutnytting som dekker heile døgeret, gjennom bakvakter eller andre ordningar.  Høie sitt grunnsyn osar av mistillit til fagfolk og lokal styring.

Volda sjukehus har ikkje problem med å rekruttere fagfolk. Sjukehuset har eit omland med ca 60 000 innbyggarar og aukande folketal. Geografien og reisetid til større sjukehus er argument nok til å halde på akuttkirurgien i Volda.

Beredskap: I Høie sin modell må akuttpasientar fraktast to timar i ambulanse frå Volda til Ålesund sjukehus, og vakthavande lege må vere med. Dette betyr at ein kommune på 10 000 innbyggarar (inkl studentar) vert utan legevakt i 4 timar fram til ambulanseoppdraget er gjennomført. Dette er galskap.

Miljøpartiet Dei Grøne støttar fullt ut fakkeltoget for Volda sjukehus som vert arrangert tysdag den 24. november klokka 18:00.

Det ligg eit særskilt ansvar på høgrepolitikarane på Sunnmøre og i Nordfjord å fortelje statsråden om realitetane i denne viktige saka, og be han sjå vekk frå firkanta skrivebordspolitikk.

Så lenge helseforetaksmodellen herjar med fagfolk og pasientar på norske sjukehus, vil vi aldri får til eit tillitsskapande helsevesen.