Alle må få stemme ja

Slik bør røystesetlane utformast ved folkerøystinga 19. mai:

A. Ja til Volda som eigen kommune
B. Ja til å slå saman Volda og Ørsta til ei kommune

Språk er makt, språk er psykoligi og språk er politikk.

Vi ser no at andre kommuner legg opp til at dei som vil halde fram med eigen kommune må putte ein nei-setel i urna. Dette er svært uheldig. Ordet «nei» er negativt lada, og ordet «ja» er positivt lada. Den som puttar ein nei-setel i urna kan sjå på seg sjølv som negativ, motstraums, bakstreversk og gamaldags. Og ja-røystaren kan innbille seg at han er meir positiv enn nei-røystaren.

10. mars, 2016

Nullalternativet er eit anna ord som blir nytta om å halde fram som eigen kommune. Dette er endå eit uttrykk som er negativt lada. Null = ingenting, med andre ord meiningsløyse. Slike ord gir makt til dei kommunereformvennlege; skal du vere eit positivt menneske, så trur du at du må stemme ja til kommunesamanslåing. Slik kan vi ikkje ha det!

Stemmer du for at Volda skal halde fram som eigen kommune så er du positiv til alle smådriftsfordelane dette gir, du seier ja til eit velutvikla lokaldemokrati som har gitt innbyggarane gode tenester i meir enn hundre år, vi veit at det fungerer. Du er positiv til at Volda skal utvikle seg vidare som ei berekraftig og grønare kommune. Du er positiv til at Volda skal kunne samarbeide med nabokommuner om kva som helst når som helst. Og du er positiv til at vi skal nytte midlar til å utvikle eigen organisasjon heller enn å nytte store midlar på ein heilt ny struktur der mange må passere Furene kvar dag for å kome til sin nye arbeidsstad. Du er også positiv til at grendene skal halde fram med å ha god innverknad på lokalpolitikken.

Difor vil vi ikkje ha nokon nei-setel ved folkerøystinga den 19. mai.

Øyvind Festø, kommunestyrerepresentant
Helge Standal, leiar

Miljøpartiet Dei Grøne Volda