Årsmøtet i Miljøpartiet Dei Grøne Volda er bekymra for lokaldemokratiet i samband med kommunereforma. Vi merkar oss at grendelaga har vanskar med å få svar når dei vender seg til kommunen allereie i dag, korleis vil dette bli i ei storkommune? I sin iver etter å utgreie regional utvikling, ser det ut til at ordførarane gløymer korleis lokaldemokratiet skal fungere der folk bur. Grendelaga vil kunne gi verdifulle råd om korleis deira rolle og påverknad kan vere etter ei kommunesamanslåing. Difor vil det vere rett å engasjere dei i dette emnet før folkerøystinga.
Årsmøtet i Miljøpartiet Dei Grøne Volda ser positivt på dei nye renovasjonstiltaka til Volda Ørsta Reinhaldsverk. Sjølv om nokre har hatt problem med overfylte dunkar ved nyttår, er vi trygge på at henting anna kvar veke vil vere tidt nok for restavfallet. Vi kan alle bli flinkare til å sortere ut plast, papir, metall og glas, no når VØR tilbyr eigne dunkar til dette. Voldingar må ta aktivt del i arbeidet med resirkulering av mest mogleg av ressursane som finst i avfallet vårt, særleg plastemballasje er det viktig å sortere, redusere og resirkulere. MDG støttar handlingsplanen til VØR med mellom anna innsamling av hardplast, og biogassanlegg for våtorganisk avfall.
Styret i MDG Volda har fått slik samansetjing i 2016:
Leiar – Helge Standal
Nestleiar – Inghild Remøy
Kasserar – Annlaug Stokke
Styremedlemar:
– Øyvind Festø
– Thomas Olsen
– Lars Drabløs