Fotocredit: Stortingskandidat Lage Nøst blir løfta av MDG Ørsta

Årsmøtekvelden med Lage Nøst

Godt frammøte på Ørsta og Volda MDG sine årsmøter på onsdag. Stortingskandidat Lage Nøst hadde eit engasjerande innlegg om valgkampstrategien og det nye i partiprogrammet.

23. februar, 2017

Lillian Auflem Øye vart gjenvald som leiar i Ørsta MDG. Knut Arne Nygård (nestleiar) og Anders Steinnes (økonomiansvareg) held også fram. Med i styret er Stina Jacobsen, Iren Aambø og Per Inge Rebbestad, med Kirstin Graff som vara.

Dette er eit effektivt og optimistisk styre som vil gi kommunestyrerepresentant Frida Gillberg god støtte.

Det viktigaste arbeidet dette året er å få Lage Nøst inn på Stortinget. Om vi får litt fleire veljarar enn i fylkestingsvalet for to år sidan, kan det vere realistisk å få MDG Møre og Romsdal inn på Stortinget med eit utjamningsmandat.

Volda MDG hadde også gjenval på alle postar:

Helge Standal, leiar
Inghild Remøy, nestleiar
Annlaug Stokke, økonomiansvarleg
Øyvind Festø, Lars Drabløs og Henriette Hafsaas Tsakos styremedlemmer.
Magnhild Sande, vara.