Busettingspolitikk og vassdrag

Tankar frå Miljøpartiet Dei Grøne Ørsta og respons på ordføraren sitt utsagn om småkraftverk i kommunen.

1. desember, 2015

Levande landbrukssamfunn og bygder

Ørsta kommune er ikkje aleine i landet om å ha mange fråflytta landbrukseigedomar. Og i dei mest sentrale strøka står husa på gardane mørke og tome størstedelen av året. Kvar fjerde eigedom har vore utan fast busetting i meir enn 30 år. (Ny rapport fra Bygdeforskning) Nokre står vakre og velstelte, andre meir til sjenanse. I Ørsta vil vi ha levande grender med eit levande landbruk, men legg vi opp til det?

Eigarskifte gjennom tidene

Om vi kikar inn i Hjørundfjordboka Band V Gard og ætt kan vi følge eigerskifte til gardane rundt Hjørundfjorden. Her skiftast det eigar på landbrukseigedomane jamt og trutt.

Om vi byrjar å sjå på våre landbrukseigendommar i eit litt lenger historisk perspektiv, der eigarskifte var meir vanleg, kan kanskje den smerten som den einskilde kan føle på ved vurdering av sal bli litt mildare?  At nokon vil drive garden og bruke jorda burde følast betre enn at garden forfell og at all aktivitet sluttar.

Hjelper vasskraft på busettinga?

Småkraftverk er ofte trekt fram som eit verkemiddel i busettingsdebatten. Vasskraft har mange fordelar også som småkraft. Du er sjølvhjelpt og kan få til ei lita ekstra inntening på bruket, noko som i sin tur kan føre til at ein får ein grunn til å ikkje selje.

Dersom det vert gitt dispensasjon frå bu- og driveplikt på slike gardar, kan den inntekta kjennast som ein god grunn for å ikkje selje. Dersom det ikkje er drift, kan det også vere lettare å få frådelt tomter til fritidsbustader. Då vil dei som ynskjer å drive garden, og å bu der, ikkje få sjansen til dette.

MDG Ørsta er opptekne av at intensjonen i bu- og driveplikta må leggast til grunn i politikken, slik at dei unge som ynskjer å flytte til smågrendene får høve til det, og får høve til å drive landbruk på fulltid eller deltid.

Frida Gillberg
KSR MDG Ørsta