Bygningar og kultur

Øyvind Festø, MDG Volda, kommenterer kultur og idrett, inne og ute. I denne perioden vil Miljøpartiet Dei Grøne prioritere å ferdigstille den nye Øyraskulen. Vi har utbetring av Ungdomsskulen som neste viktige byggeprosjekt for Volda kommune. Ei kommune som nett er ute av Robek-lista bør ikkje vere for dristig med investeringsnivået.

13. september, 2015

Vi ser at dei ulike hallidrettane har eit plassproblem og at idrettsbygga i Volda er pressa på kapasitet. Ein rein handballhall bør klubben samarbeide med Ørsta Handball om å bygge. Dersom ein idrettshall tek omsyn til trongen for gymsalar på Øyra og Ungdomsskulen, så er Miljøpartiet meir positive til å prioritere hallplanar.

Fagfolk ved Norges Idrettshøgskole (NIH) har funne ut at omtrent halvparten av alle 15-åringar i Noreg er medlem av eit idrettslag. Det tyder på at mange finn det lokale idrettstilbodet meningsfullt. Den andre halvparten har valgt seg vekk frå den organiserte idretten. Volda har vore bra på å støtte denne halvdelen av ungdomen med ny skatepark og  utvida Volda skisenter. Dette må vi halde fram med! Miljøpartiet meiner at ein må tilgodesjå den uorganiserte ungdomsidretten i budsjettet og at ungdomsrådet bør få meir å seie i sakene som gjeld dei. Ungdomsklubben bør også få betre varige lokale.

Volda har mange gode kulturhus, og vi må vedlikehalde dei. Gamlegymnaset må takast i bruk når det no vert renovert. Kanskje kan kommunen leige øvingslokale her som lokale musikarar kan nytte?

Samfunnshuset er eit flott bygg som burde takast betre vare på. Eit nybygd kulturhus kan vere aktuelt å støtte om det vert i regi av Høgskulen. Kulturhusdelen av Digelen er eit godt forslag der  Statsbygg  kan stå som eigarar av bygget, og kommuna, lag og organisasjonar kan leige etter behov.