Kvangardsnes har rett i at vasskraft har vore ei god fornybar energikjelde i 100 år, og at Norge på eit vis er sjølvforsynte med energi. Den norskproduserte grøne energien er så populær i Europa at kundar på kontinentet kjøper nesten all vasskrafta gjennom den snodige opprinnelsesgarantiordninga. Og dette tener kraftprodusentane i Norge ekstra pengar på, uavhengig av reelle overføringar i kablar til utlandet. Til og med dei korte periodane Norge har nettoimport av straum er opprinnelsesgarantisal med på å gi løn til Kvangardsnes og andre som jobbar innan vasskraft. Norske straumkundar er lite opptekne av dette, og handlar indirekte elmiks frå utlandet utan å vere klar over det.
Av omsyn til naturmangfald er MDG svært skeptiske til storstilt utbygging av landbasert vindkraft. Det bør først utarbeidast ein plan for kva deler av landet som bør ha konsekvensutgreiing og konsesjon for vindkraft, på same vis som oljeleitingskonsesjonar. Det er synd at Frp i regjering gikk inn for den store vindparken i Trøndelag nyleg. MDG gikk imot dette, mellom anna fordi behovet for straumen er diskutabel, lønsemda er tvilsam og naturmangfaldet vert skada.
Heldigvis har vi ikkje fossilbaserte kraftverk i Norge. Diskusjonen om vind- kontra vasskraft er ein marginal debatt i klimarekneskapen. Sidan vinden er langt jamnare og sterkare til havs enn på land, er MDG mest opptatt av vindturbinar til havs. Vindkraft kan eksporterast og erstatte gassturbinar på sokkelen.
MDG er einige med Kvangardsnes i at den infrastrukturen som norske vass- og vindkraftverk representerer, skal vere offentleg eigd. Då er det synd at regjeringa opna for utanlandske oppkjøp av småkraftverk.
For å forklare det grøne skiftet må vi sjå på eit større bilete. Det handlar om å slutte å sleppe ut klimagassar så fort som råd, og nytte naturen som livsgrunnlag på ein biologisk berekraftig måte. Vedlagte grafikk har tal frå Miljødirektoratet. Den fortel at over 80% av utsleppa som Norge har innverknad på, gjeld eksportert olje og gass. MDG meiner at dersom Norge skal gjere noko som monnar, så må olje- og gassutvinninga nedtrappast. Etablerte utvinningar kan fullførast, men regjeringa må slutte å tildele nye konsesjonar. Det vil gi ei gradvis og føreseieleg nedbygging i det grøne skiftet utan at nokon «slår av lyset».
Erstatning for kol på kontinentet er langt billegare gjennom lokal solenergi. Ved ny kraftproduksjon er det viktig å tenke kortreist, små vindturbinar i industriområde er eit godt supplement.
Luftfart og langdistanse sjøfart er to transportsektorar som vanskeleg kan gå over til elektrisk energi. Komprimert nedkjølt biogass og hydrogen kan i framtida vere aktuelt i desse sektorane. Biodrivstoff er ein svært avgrensa ressurs som må produserast utan å konkurrere med matproduksjon. Hydrogen kan produserast mellom anna frå solceller. Å få til dette er eit stort grønt skifte som ikkje starta for 100 år sidan, det startar no.
Av dei 6% som gjeld innanlandske utslepp er trafikk den største kjelda. Biodiesel til bilparken er ein dårleg strategi. Både vasskraft , vindkraft og solenergi kan hjelpe bilparken i omstilling til elektriske motorar, som er langt meir energieffektive enn forbrenningsmotorane. Elbilar er ein viktig del i det grøne skiftet. I tillegg bør vi redusere bilkøyring og motorvegsatsing, og legge til rette for jernbane og kollektiv transport.
Det grøne skiftet handlar i stor grad om nasjonal politikk, men også kommunepolitikk. Tal frå Miljødirektoratet syner korleis det står til i Volda kommune, sjå søylediagram frå 2009 – 2013. Vi ser at utslepp frå biltrafikk er veksande. Å lage store bilbaserte regionkommunar er mellom anna difor ein dårleg ide.
Nordmenn har eit svært høgt forbruk av importerte varer. Utslepp frå produksjonen er svært stor, men den vert ikkje medrekna i dei norske utsleppa. Her vrir vi oss unna, sjølv om vi har innflytelse på eige forbruk og høve til å redusere det.
Til slutt rosar Kvangardsnes satsing på bioøkonomi. MDG støttar dette, og vi har i alternativt statsbudsjett forslag om å opprette Bionova etter modell frå Enova, eit selskap som skal kunne stimulere til grønt skifte og nye eventyr med mange arbeidsplassar. Synd at regjeringa ikkje støttar MDG i dette.
Kvangardsnes og MDG har ein del samanfallande synspunkt, som skil seg mykje frå regjeringa sin politikk. MDG vil halde fram med å bygge på fakta i sin politikk, og vi vonar at andre vil gjere det same.
Øyvind Festø, kommunestyrerepresentant
Helge Standal, leiar
MDG Volda