Doktorhaugen til friområde!

Fotocredit: Kart over "Volda sentralinstitusjon", Severinhaugen (18/163 og 18/293) og dei 5 planlagde bueiningane på Doktorhaugen (19/24)

Det einaste rette på Doktorhaugen (tomt 19/24) i Volda, er å skape ein grøn uteplass for bebuarane på Fjordsyn, barneavlastninga, psykiatribustadane, naboar, og aller mest for dei utviklingshemma på Severinhaugen, – med benkar, frukttre og bærbusker, det skal lite til for å få til dette.

19. desember, 2016

Rundt Omsorgssenteret, der folk bur ei kort periode av livet, finst det sansehage, dyrehage og store parkanlegg. Ved Fjordsyn finn vi ein benk og ein grasplen. Og kjem vi ned til Severinhaugen, der folk med livslangt hjelpebehov skal bu heile livet, så finn vi berre asfalt kring alle hushjørner. Det ser ut som ein komprimert militærleir. Leligheitene er gode innomhus, men kvifor skal ikkje utviklingshemma kunne ha tilgang til ein hageflekk, slik dei fleste voldingar har? Dette kallar vi diskriminering.

Kommunestyret i Volda har nettopp vedtatt oppgradering med leikeområde kring rekkehusa i Røyslida, gode greier, men Severinhaugen er staden der ei oppgradering utomhus trengst aller mest. Det er forståelig at familier med hjelpetrengande ikkje ynskjer at ungdomane deira skal tilbringe resten av livet i ein asfaltert fortetta sentralinstitusjon.

Samtlige høyringssvar i reguleringssak 177/16 i kommunestyremøte den 15. desember åtvara mot å utvide institusjonsmiljøet på Severinhaugen. Likevel tilrår formannskapet å detaljregulere for nettopp dette. Kva er vitsen med lokaldemokratiet og høyringsrunder om ein ikkje tek omsyn til svara?

Sentralinstitusjonar for utviklingshemma vart nedlagde i eit stortingsvedtak i 1990, fordi det er dårleg sosialpolitikk og dårleg integreringspolitikk. I Volda har likevel Severinhaugen stegvis blitt kommunen sin eigen sentralinstitusjon for ulike hjelpetrengande. Å regulere Doktorhaugen til bustadar for sosiale formål av eit eller anna slag, er å gå imot tilrådingane i alle høyringssvara, det er å lage sentralinstitusjonen endå større. Om kommunen treng sentrumsnære tomter, så må ein jobbe for å finne desse, og ikkje berre satse på Doktorhaugen.

Bakgrunnen for denne saka var eit konkret behov for bustadar for hjelpetrengande, som kommunen var klar over allereide i 2011. Kommunen er etter lova forplikta til å tilrettelegge i samråd med dei berørte. Etter fem år endar vi opp med forslag om å omregulere ei tomt som ikkje egnar seg til formålet. Dette er ei skam. Seinast på møte mellom foreldra og kommunen den 13. desember var Doktorhaugen einaste tilbodet frå kommunen sine representantar. Når saka har blitt så langvarig og fastlåst, må rådmannen og ordføraren møte familiane direkte, og vise at kommunen er lyttande, lærande og raus, slik ein nettopp har vedtatt.

Om reguleringsplanen vert vedtatt, kjem det garantert nye klager, og saka vert endå meir fastlåst og utsett, og det kan vere kroken på døra for at bebuarane på Severinhaugen kan få eit skikkeleg grøntareal. Det har blitt mykje støy i denne saka, og det er mange i kommunestyret som ikkje veit korleis det ser ut i området.

MDG la difor fram dette forslaget i kommunestyremøtet:

  1. Kommunestyret godkjenner ikkje reguleringsplan for gnr. 19, bnr. 24  mfl. datert 21.11.2016.
  2. Kommunestyret ber rådmannen om å utarbeide reguleringsplan for Doktorhaugen som friområde.
  3. Kommunestyret ber om ei synfaring, og orientering om organisering av butenesta for utviklingshemma, noverande og framtidig behov for bustader, og sentrale føringar for bustadbygging for desse.

Det kom forslag om å utsette saka pga samanblanding av fleire saker i sakspapira. Utsettingsforslaget vart vedtatt.

MDG Volda vil følge desse sakene tett. Tilbod om bustader for dei hjelpetrengande, og bruken av Doktorhaugen.

Severinhaugen har ein lang terrasse utan skillevegg mellom leiligheitene, og utan god avgrensing mot ein trafikkert bilveg. Området er prega av asfalt og ingen teikn til satsing på grøntareal. I den nye utvidingsplanen er det sett av plass til eit bjørketre i eine hjørnet på tomta.