E39 Volda hamn – Elvadalen

Elvadalen - Volda Hamn

Merknadar til Detaljreguleringsplan E39 Volda hamn – Elvadalen

Miljøpartiet Dei Grøne i Volda har gitt fylgjande merknader:

Vi har vurdert planforslaga med omsyn til gåande, syklande, lokal trafikk og gjennomgangstrafikk.

1. Gåande. Planforslaga gir minimale forbetringar for gåande.

2. Syklande. Ingen av planforlaga gir vesentleg betra tilhøve for syklistar.

3. Lokal biltrafikk. Lokaltrafikk frå Industrigata som skal opp Elvadalen vil auke når ny rundkøyring vert ferdig i Storgata. Om løysing med skråbru vert valt, vil også trafikken frå sørsida av Spinneriet belaste det nye krysset nedst i Elvadalen. Det nye krysset vil gi auka fart på E39. Alt dette vil samla sett bli eit hinder for lokal biltrafikk.

4. Gjennomgangstrafikken vil kunne spare nokre få sekund med dei nye planforslaga.

Totalt sett er forbetringane minimale for alle trafikkgruppene. MDG går difor imot planforslaga.

Viktige tiltak:

1. Dei viktigaste trafikktryggingstiltaka vil vere å innføre fartsgrense på 40 km/t i området og bygge heva gangfelt som er godt belyste og merka.

2. Med uvisst tidsperspektiv for løyvingar og gjennomføring av planane, ser vi det som langt viktigare å få gjennomgangstrafikken utanom Volda sentrum. Tunnel Heltne-Furene kan bli like kjapt gjennomført, noko som vil halvere trafikken i sentrum. Ressursar bør difor prioriterast til tunnel.

3. Spinnerivegen kan midlertidig stengast eller ha forbod mot venstresving til og frå E39.

Ureining:
I fylgje Miljødirektoratet fører bildekkslitasje til enorme mengder mikroplast som kjem ut i avløp og endar i sjøen. Mikroplast vert forveksla med plankton av smådyr, og det kjem inn i fisk, og skaldyr som vi skal leve av. Ingen av planforslaga tek omsyn til dette. Sjå: http://www.miljodirektoratet.no/no/Nyheter/Nyheter/2015/Mars-2015/Vi-fyller-havet-med-mikroplast/ .

Mikroplast har hittil vore eit ukjent problem for dekkprodusentar og vegutbyggarar. Vegvesenet må frå no ta inn tiltak som hindrar spreiing av mikroplast i sine planar.

Viktigaste planarbeidet i området vil vere å forlenge stien i Elvadalen til hamna, og bygge gjennomgåande sykkelfelt.