Elverydding = Strandrydding

Øyraelva i Volda vart rydda laurdag 9. mai. Naturvernforbundet tok regien på Strandryddedagen i Volda i år, medlemar i MDG og SV stilte opp, og vi var 10-15 med hanskar og sekkar langs breddene. Volda Ørsta Reinhaldsverk vil hente skrotet på mandag.

10. mai, 2015

Men det var mangt som ikkje fikk plass i sekkane: syklar, bølgeblekk, lange hardplastslangar, gjerdenetting med meir. Isopor var det mykje av, det vert liggande i 1000 år om vi ikkje fjernar det, og når det løyser seg opp som mikroplast vert det forveksla med mat av dei små organismane i havet.

Det aller meste av elvebreddene vart rydda, opp til 20 meters avstand frå elva. Det ligg større gjenstandar og halvveis nedgravd skrot ved Byggmix, aust for øvre brua, og ved Støyperiet. Dette bør eigarane ordne opp i. Det same gjeld område nord for Garveriet mot Scana.

Vi fikk ikkje tid til grundig rydding i nedste del av elva, der er det enklast å rydde når elva er lita. Vegetasjonen var litt høg, og gjorde det vanskeleg å sjå småskrotet. Elverydding høver best i april, før vegetasjonen skjuler småtteriet.

All plasten langs elva endar ein gong i havet, så elverydding er god strandrydding. MDG Ørsta hadde aksjon på Raudøya.

Litt av fangsten

- Neste år håper vi at VØR og Frivilligsentralen blir med og organiserer Strandryddedagen. Med meir folk kan vi ha ryddedugnad i Dalsfjorden og Austefjorden og fleire plassar.