Folkerøysting i Bjørke krins
Vi ser i innbyggarundersøkinga som vart lagt fram på Arena Sunnmøre 26. november 2015 at innbyggarane i Volda og Ørsta er delte omlag på midten i spørsmålet om kommunesamanslåing. Det er stor tvil om det blir noko av samanslåinga av Ørsta og Volda, og eventuelt Hornindal. Når ein ser på kartet kan det vere grunnlag for at Bjørke krins like gjerne kan tilhøyre Volda kommune. Det er både snodig og tungvint at innbyggarane i indre Hjørundfjorden må køyre mange mil gjennom ei anna kommune for å kome til sitt eige kommunesenter.