Full tilhengar på to timar

Full tilhengar

MDG Ørsta/Volda deltok på Strandryddedagen 10. mai.

Vi var 12, på det meste, som fikk full tilhengar etter to timar med søppelplukking. Dette frå berre 200-300 meter strandlinje frå sentrum og nordover. I starten plukka vi ganske detaljert. På slutten måtte vi konsentrere oss om plast og isopor. Fire fotballar, underbukser, bildekk, mange fiskekasser, plasttau og brune melkeflasker frå 1960-talet dukka opp. Vi kom over gamle søppelfyllingar i skogkrattet som var store nok til å fylle eit par tilhengarar til. Det må bli ein annan gong. Skuleklasser og barnehagar er flinke å rydde i nærmiljøet om våren. Men etter det vi veit var vi dei einaste som rydda strand i Volda denne dagen.