Gamle Austefjordvegen

Grunngjeve spørsmål om Gamle Austefjordvegen frå Miljøpartiet Dei Grøne Volda. Dette vert lagt fram på kommunestyremøte den 25. august. Ordføraren vil då gi svar på spørsmåla, og MDG får høve til å kommentere svara.

 

18. august, 2016

Gamlevegen frå Andaneset langs fjorden til Humberset har etter at den vart stengd for biltrafikk blitt ein populær turveg for syklistar og gåande. MDG er opptekne av fire ulike saker som gjeld denne historiske vegen.

  1. Beredskap.
    Når Rotsethorntunnelen vert stengd ved brann og ulykker, er det viktig å kunne nå bygdene i Austefjorden. Gamlevegen er viktigaste alternativ til tunnelen for rask tilkomst, særleg til Hjartåbygda. Bommane som stenger vegen skal vere muleg å opne for utrykningskøyrety, men vi ser at steinar som ramlar ned på vegen er så store at bilar ikkje kan passere.

Kva vil ordføraren gjere for å få gode rutinar for å ha vegen klar for ferdsel med utrykningskøyrety?

  1. Steinbrot.
    Innanfor Greivsneset har ein entreprenør lager, og det vart tatt ut steinmasser. Steinbrotet er ca 1 km langt og inngrepet i naturen går frå fjorden og langt opp i fjellsida. Dette er eit stort sår i naturen. MDG lurer på kva slag konsesjon som ligg til grunn for tiltaket, og kor stort inngrepet vil bli når det er ferdig utnytta, og korleis det vil bli etterbehandla. Alida har eit liknande inngrep. Alternativ til opne dagbrot kan vere at entreprenørar tek ut stein frå tunnelar, som i ettertid kan gi samfunnsnytte.

Har kommunen ein plan for å hindre slike store sår i naturen for framtidige steinbrot?

  1. Fyllingar.
    Langs Gamle Austefjordvegen finst mange fyllingar av ulikt slag. Dei fleste er på privat grunn og har jord, stein og nedbrytbart materiale. Men nokre av dei har betong og svartelista artar som spreier seg.

Kva reglar og oppfølging har kommunen for å hindre ulovlege fyllingar, og at det vert dumpa søppel og svartelista artar i slike private fyllingar?

  1. Historisk kunstverk.
    Vegstrekninga frå Andaneset til Greivsneset er eit fantastisk byggverk i ei stupbratt fjellside. Arbeidarane som laga vegen gjorde eit kunststykke. Vegen er av stor historisk verdi, og forteljinga om korleis den vart bygd må kome seinare generasjonar til gode. Museet på Haualeitet ligg like ved vegen, og kan innlemme vegen i si kulturformidling til dømes gjennom informasjonsplakatar.

Kva vil ordføraren gjere for å ta vare på historia om denne særmerkte vegen?

Svartelista artar på fylling.
Steinbrotet vert nytta som lagerplass for eit entreprenørfirma.