God framgang for MDG i stortingsvalet 2017

Fotocredit: Frå valgmøte på Det Grøne Treet i Volda

I Ørsta gikk MDG fram 1,1 prosentpoeng, i Volda 1,2 prosentpoeng, samanlikna med stortingsvalet i 2013. Dette seier vi oss svært godt nøgde med, og takkar dei 146 som stemte på oss i Ørsta og dei 202 som stemte på oss i Volda!

12. september, 2017

MDG sin valkamp i Ørsta og Volda var aktiv i begge kommunene. Vi nemner busskurpynting, stand fire laurdagar, stand og deltaking i skulevalet på dei vidaregåande skulane, debatt og stand på Høgskulen, avisinnlegg, filmframvising og møte med toppkandidat, dør-til-dør-aksjon, og ikkje minst utdeling av valbrosjyrer i nesten alle postkasser i Volda. Innsatsen har tydelegvis virka godt. Her er resultatet:

Ørsta MDG

  • 2013: 1,3%
  • 2017: 2,4%

Volda MDG

  • 2013: 2,8%
  • 2017: 4,0%

Volda vart beste MDG-kommune i fylket. MDG i Molde var nest best med 3.6%

Av førehandsrøystene i Volda hadde MDG 4,6%.