Gode idear i sentrumsplanen i Volda

Prosjektet «Mellom bygningane i Volda» ser svært positivt ut. På folkemøtet ondag 24. juni på Volda Samfunnshus informerte Gehl Architects om arbeidet sitt til eit begeistra publikum. Mange spennande løysingar vart presentert. Dei mange frammøtte hadde høve til å kome med innspel og endå fleire idear.

Det heile er eit spleiselag. For kvar krone som private tilfører, vil kommunen og fylkeskommunen yte tilsvarande beløp. No er det opp til kommunen og dei næringsdrivande å r

26. juni, 2015

Sentrumsplanen

Prosjektet «Mellom bygningane i Volda» ser svært positivt ut. På folkemøtet ondag 24. juni på Volda Samfunnshus informerte Gehl Architects om arbeidet sitt til eit begeistra publikum. Mange spennande løysingar vart presentert. Dei mange frammøtte hadde høve til å kome med innspel og endå fleire idear.

Det heile er eit spleiselag. For kvar krone som private tilfører, vil kommunen og fylkeskommunen yte tilsvarande beløp. No er det opp til kommunen og dei næringsdrivande å realisere utviklingsplanen for Volda sentrum. Kommunen vil konsentrere seg om nokre av ideane i første omgang, leikeplassen ved rådhuset vil bli realisert hausten 2015. Det kan ta mange år å gjennomføre alle ideane.

MDG i Volda vil ha stort fokus på sentrumsplanen, og arbeide for å realisere ideane der så snart vi kjem inn i kommunestyret i haust. Å redusere farta på gjennomgangstrafikken er noko av det første som må skje. MDG saknar spesielt tiltak for dei yngste i sentrumskjernen. Der er mange plassar der det kan setjast ut leikeapparat.