Grøn energi

MDG Volda og Ørsta hadde ekskursjon til Folkestad småkraftverk onsdag denne veka. Vi fikk grundig orientering av driftsleiaren, om trekniske, økonomiske og driftsmessige saker.

29. august, 2015

Dette småkrraftverket er eit mellomstort småkraftverk som fikk støtte frå Naturvernforbundet i utgreiingsperioden. Trass i låge straumpisar i ei lang periode, har det gitt gode ringverknader og tilskot til lag og gatelys i grenda, og overskot til dei mange som eig fallrettane.

MDG i Ørsta Volda ser på dei utbygde småkraftverka som viktige bidrag til den grøne energien i kommunene. Av omsyn til naturmangfald ynskjer MDG at det ikkje vert fleire nye utbyggingar av elvar i kommunene.

Heldigvis finst det fleire grøne energikjelder i området. Dei fire settefiskanlegga har ein stor energiressurs i fiskeslam. Dette kan gi rein energi i form av biogass. Å bygge biogassanlegg er noko MDG satsar på. Sjå meir om dette her.

Fylkestopp John John Bruseth og Knut Festø frå Naturvernforbundet var også med på ekskursjonen på Folkestad. Vi vart vist rundt i turbinhuset, ved inntaksdammen og nedslagsfeltet ved Folkestadvatnet. Bruseth fikk viktig innblikk i konsesjonsbehandling. Det ligg føre mange nye konsesjonssøknadar i fylket som MDG må ta stilling til. Det er då viktig å huske på at det er inga kraftkrise i fylket, og at energiøkonomisering kanskje er det mest effektive og lønsame tiltaket.

Fylket vårt har endå fleire gode grøne energikjelder, sol, vind og bølgjer. Det er difor ingen grunn til at ferjer og bussar skal nytte fossil energi.