Grøn helsepolitikk

Fotocredit: Frå fakkeltoget ved Volda sjukehus for å redde akuttfunksjonen.

Å trygge framtida til sjukehuset er ei sak som alle voldingar og ørstingar held fram som særs viktig. Miljøpartiet Dei Grøne har i sitt siste arbeidsprogram vedteke eit punkt som ser slik ut: “Oppretthalde gode og fullverdige lokalsjukehus med akuttfunksjon som er tilpassa den medisinske utviklinga og behovet i lokalbefolkninga.” Ei stemme til MDG er med andre ord ei stemme imot helsepolitikken som har blitt ført av den sittande regjeringa. Vi ynskjer eit sterkt offentleg helse – og omsorgstilbod som sikrar alle lik rett til gode helsetenester.

28. august, 2017

Helseutgiftene per innbyggar i Noreg er i kraftig vekst. Dette skuldast ikkje berre at befolkninga vert eldre, men også aukande utbreiing av livsstilssjukdomar, usunt kosthald og psykiske plager grunna mellom anna prestasjons- og forbrukspress, dårleg tid og mykje stress.

Dei Grøne vil særleg investere i barn og unge si fysiske og psykiske helse. Vi vil skape ein oppvekst prega av fysisk aktivitet og godt kosthald, inkluderande nærmiljø, og tilgang på trygge vaksne i helsevesen og skular. For å få til dette vil vi mellom anna starte eit nasjonalt løft for tidlig innsats gjennom helsestasjonar og skulehelsetenesta, med øyremerka midlar og ei bemanningsnorm basert på Helsedirektoratet sine tilrådingar.

I dag brukar legar og sjukepleiarar for mykje tid på papirarbeid, mens viktige prioriteringar blir tatt av andre enn helsefagarbeidarar. Dei Grøne sin helsepolitikk bygg på tillit til fagfolka. Helsefaglege vurderingar må vege tungt når ein skal avgjere korleis ein best styrer og organiserer helsesektoren.

God omsorg krev mange nok godt kvalifiserte tilsette. Dei Grøne vil arbeide for at det er tilstrekkelig mange tilsette i omsorgsinstitusjonane og i heimetenesta, og at dei som jobbar der har god og relevant kompetanse. Vi vil ha eit sterkt offentleg omsorgstilbod. Ideelle og private aktørar kan, på nokre felt, gi større mangfald og vere eit positivt supplement.

Dei Grøne har lenge jobba for ein meir human ruspolitikk. Menneske som er avhengige av rus må ikkje behandlast som kriminelle, men som likeverdige menneske som treng hjelp og omsorg. Rusavhengigheit skal førebyggjast og behandlast, ikkje straffast.

- Dei Grøne vil ha eit nasjonalt løft for tidleg innsats gjennom helsestasjonar og skulehelsetenesta, med øyremerka midlar og ei bemanningsnorm basert på Helsedirektoratet sine tilrådingar.