GRØNRAUD koalisjon i Volda

Fotocredit: Faksimile frå Møre

Sidan Møre ikkje har fått med seg nokre vesentlege sider ved danning av ny fleirtalskoalisjon i Volda, vil vi gjerne nemne det her.

17. september, 2015

Det stemmer ikkje at MDG var ein del av koalisjonen til Ap, SV og Sp som la fram eit tilbod til Venstre.

Venstre og MDG gjorde først avtale om å samarbeide som ei rein grøn blokk i forhandlingane, og vi kunne forhandle med begge sider. Det var Venstre og MDG som i lag vurderte tilbodet frå dei raudgrøne (Ap, Sp og SV). Utan MDG ville ikkje Venstre kunne danne fleirtal saman med dei tre raudgrøne, det var dermed Miljøpartiet som var jokeren.

Det som Møre heller ikkje nemner er at MDG vil få den viktige posisjonen som første varaplass i formannskapet, og to andre viktige posisjonar.

Den nye fempartikoalisjonen kallar vi no for ein GRØNRAUD koalisjon for å ikkje forveksle oss med dei raudgrøne gamle regjeringspartia.

I avisa ser det også ut som det er semje om tre saker i den nye fempartikoalisjonen, omsorg, Voldatunnel og bygdesatsing. Det rette er at dette er dei tre viktigaste sakene som Ap, Sp og SV vil satse på. MDG og Venstre forhandlar om å få inn sine viktige saker i tillegg. MDG si viktigaste sak er å få inn miljøfagleg kompetanse i kommunen i form av ei full stilling som miljørådgjevar så snart som råd. Denne vil kunne få fart på ei rad miljøtiltak i kommunen og forbetre ein klimaplan som bør vere ein overordna styringsreiskap i tida framover.

I perioden vil både Venstre og MDG kunne stå på fritt grunnlag ved stemmegiving. Med 11,2% av stemmene ser vi at desse partia etter kvart kan bli ei solid grøn blokk som seinare kan utvidast med andre miljøvennlege parti.

BRAKVAL

Sjølv om Ap hadde ein litt større framgang enn MDG i valet (Ap 6,9% mot MDG 5,6%), så har ikkje Møre funne det verdt å nemne dette brakvalet for eit nytt parti med eit einaste ord. Det er første gong at eit nytt parti er representert i Volda kommunestyre sidan Frp kom inn for mange år sidan.

Møre har heller ikkje fått med seg at MDG i Volda mangla berre tre stemmer på å få inn to mandat, vi er i stemmetal omtrent like store som Venstre.

I Møre og Romsdal har MDG fått inn representantar i alle kommuner vi har stilt lister, og i fylkestinget. Det er godt gjort av ein nykomar som har gjort heile valkampen på dugnad. Det prosentvis beste MDG-resultatet i fylket har MDG i Volda med 5,6%.

- Den nye fempartikoalisjonen kallar vi ein GRØNRAUD koalisjon