Kommunene har vi for å styre lokalsamfunna. Tettstaden Volda og grendene i kommunen er eit godt samla lokalsamfunn som er best tent med eiga politisk leiing. Voldingar har best kompetanse på Volda, ørstingar har best kompetanse på Ørsta. Vi har høve til å samarbeide med Ørsta og andre kommuner når som helst om kva som helst, og det skjer på glimrande vis mellom anna i barnevernet, renovasjon og dagsenter for utviklingshemma.
Dei sittande partia legg opp til endelaus møteverksemd saman med ørstingar i komande fireårsbolk. Det vert dermed smått med tid til å arbeide for tettstaden Volda og grendene her. Lista over saker som må avklarast med Ørsta er lang og komplisert, og resultatet vert sannsynlegvis ei bilbasert kommune der vi må slite bildekk og asfalt i det daglege.
Kommunereforma har allereie kasta vekk alt for mange spaltemeter, møtetimar og ressursar. Kristiansund og Frei greidde fint å slå seg saman utan ei unødvendig reform. Like eins Tustna og Aure. Når tida er moden for ei kommunesamanslåing så kjem den av seg sjølv etter initiativ frå innbyggarane.
Miljøpartiet Dei Grøne vil heller nytte kreftene til dei mange oppgåvene vi har innad i kommunen:
- God bemanning og godt arbeidsmiljø i barnehagar, skular, eldreomsorg, helsetenester, psykiatri og tenester for funksjonshemma.
- Ta vare på matjorda og utvikle andelslandbruk i samarbeid med grunneigarar.
- Få på plass nullutsleppsferjer på Voldsfjorden.
- Stoppe spreiing av svartelista artar og ta vare på raudlista artar.
- Lage trygg tilkomst til badeplassen Munken og sjøsportsenteret i Vikane.
- Leikeapparat og tiltak for fotgjengarar og syklistar i sentrum.
- Arbeide for Voldatunnel og kollektivtransport for å betre livskvaliteten for oss som bur her.
- Halde på søndagsstengde butikkar.
- Bygge kommunale utleigehusvere for hjelpetrengande, også i grendene.
- Halde ved like kommunale bygg og skaffe gode lokale til Ungdomsklubben, Øyra skule og Volda Ungdomsskule.
- Utvikle eit biogassanlegg for Søre Sunnmøre som kan nytte lokalt organisk avfall til å produsere kortreist drivstoff, eit anlegg som kan skaffe mange nye grøne arbeidsplassar.
- MDG vil også førebu Voldatunnelen ved å legge bensin- og ladestasjon til næringsområdet på Rotset, slik at gjennomgangstrafikken ikkje må køyre ned i sentrum for å kjøpe pølser og tanke, og så køyre opp igjen til Voldatunnelen.
For å få til alt dette må ein ha tid, og ikkje sitte i endelause drøftingar med ørstapolitikarar. Vi må også seie nei og utsette nokre saker.
- MDG seier nei til skråbru over Øyraelva som berre vert ei rutsjebane for vogntoga gjennom sentrum.
- Vi seier nei til veg til Rotsethornet og den prosjekterte vegen langs Rotevatnet.
- Vi må vente med stor idrettshall for toppidrett og stort kulturhus.
- Vi er skeptiske til fjordkryssingar før det vert lagt fram positive klima- og miljørekneskap for prosjekta.
- Vi seier nei til Fefast og Hafast også for å unngå at sjukehuset i Volda vert sentralisert til Ålesund.
- Vi seier nei til høgskulesamanslåing; Høgskulen i Volda er best tent som sjølvstendig eining som kan samarbeide med alle andre universitet og høgskular på fritt grunnlag.
Folkerøysting om kommunesamanslåing kjem, vi tilrår då at også du seier nei: Nei til å slå saman Volda og Ørsta.
Ei røyst på Miljøpartiet Dei Grøne vil gi nye tankar inn i Voldasamfunnet, tankar om eit samfunn i balanse med natur og ressursgrunnlaget, tankar for framtida til dei som kjem etter oss.
Vi skal ha livskvalitet og lokal matproduksjon også i 2119, ikkje berre fram til 2019.
Godt grønt val!
Helge Standal
2. kandidat
Miljøpartiet Dei Grøne Volda