Jordvern i Ørsta og Volda

1933 dekar har blitt omdisponert frå dyrka og dyrkbar jord til andre formål enn landbruk i Ørsta og Volda i perioden 2005-2016. Dette viser statistsk sentralbyrå sine tabellar.

10. mars, 2017

2009 var toppåret. Då vart 810 dekar omdisponert frå dyrka og dyrkbar jord til andre formål enn landbruk. 421 dekar i Volda og 389 dekar i Ørsta. Kva som var spesielt med dette året veit vi ikkje, men det er mulig at Kvivsvegen førte til store endringar, særleg ved Langvatn i Austefjorden.

MDG i Ørsta og Volda ser på jordvern som særs viktig miljarbeid, og i kommunale arealplanar og reguleringsplanar vil vi kjempe for å halde jordbruksareal i hevd. Ingen kan spå om framtida, men at det kan bli vanskelege tider med trong for at vi som bur her i større grad må vere sjølvforsynte, er svært sannsynleg. Vi må sjå lenger fram enn 50 år.

Her er heile tabellen år for år:

Årstal Dekar Volda Dekar Ørsta
2005 60 132
2006 45 243
2007 77 84
2008 0 16
2009 421 389
2010 0 39
2011 3 59
2012 0 29
2013 14 95
2014 42 101
2015 15 69
 Sum: 677 1256