Klimagassutslepp i Volda 2009 – 2015

Fotocredit: Grafikk utarbeidd av Volda MDG med utgangspunkt i tal frå SSB.

Miljøstatus.no har i mars 2017 lagt ut dei siste tala frå SSB sin fylkesfordelte statistikk og kommuneanalyse av klimagassutslepp. Vi har sett på tala og laga ei grafisk framstilling over utviklinga i Volda kommune frå 2009 til 2015. Det ser ut som nedgangen i utslepp går ut over matproduksjonen. Det er ein stor mangel at utslepp frå forbruk ikkje er med i talgrunnlaget.

8. mars, 2017

Tala frå SSB viser at i Volda har klimagassutsleppa gått ned ca 1000 tonn frå 27845 tonn i 2013 til 26804 tonn i 2015.

Køyrety er den desidert største årsaka til utslepp i Volda, deretter kjem jordbruk. Dei andre utsleppskjeldene er svært beskjedne.

MDG Volda ser fram til arbeidet med klimaplanen i kommunen, som skal vise kva som må til for å redusere utsleppa endå meir.

Køyrety:
Det er ein liten auke i utslepp frå tunge køyrety frå 2013 til 2015, det er truleg pga av meir gjennomgangstrafikk på E39. For lette køyrety er tala stabile. Det kan bety at generell trafikkauke med fossilbilar uliknar effekten av auken i tal på el-bilar.

Jordbruk:
utslepp frå jordbruk har ein markert nedgang. Vi trur dette er pga færre bruk som driv med husdyr. Det er synd at nedgangen i utslepp går ut over matproduksjonen. Stabile utsleppstal for kunstgjødsel og anna jordbruk.

Dieseldrivne mottorreiskapar:
Her er ein klar nedgang. Dei høge tala frå 2011 kan vere frå anleggsarbeidet på Kvivsvegen.

Oppvarming:
Oppvarming har gått ned til 700 tonn CO2-ekvivalentar. Truleg pga at færre brukar oljefyr.

Aløp, avfall og avfallsdeponigass er rekna ut til vere nesten halvert frå 2013 – 2015.

Vi vil legge til at datagrunnlaget for 2009 – 2013 truleg er mindre nøyaktig enn i 2015.

Målt per innbyggar har utsleppa gått ned frå 3,15 tonn per volding i 2013 til 2,99 tonn per volding i 2015. I 2016 var snittet i verda på 4,9 tonn per verdsborgar. Sidan Volda ikkje har særleg mykje industri, og at utslepp pga av m.a. flyreiser og vareproduksjonen av alt forbruket i Volda ikkje er tatt med, kan tala ikkje samanliknast.

Kvar nordmann slapp i 2015 i snitt ut 8,4 tonn CO2, då er utslepp frå oljeproduksjon og flyreiser tatt med. Det er langt over det globale gjennomsnittet på 4,9 tonn, og nesten fem gongar meir enn snittet i India (1,7 tonn).