Klimagassutslepp i Volda og Ørsta

Rasmus Hansson fikk den 10. mars fleirtal i Stortinget for at «Stortinget ber regjeringen sørge for årlig statistikk over klimagassutslipp for alle norske kommuner». Kommunale tiltak er viktige for å redusere utslepp, og det er difor nødvendig at kvar kommune kjenner til sine eigne tal.

Trafikk er den absolutt største kjelda til utslepp i Volda og Ørsta. Også innan landbruk er køyring med landbruksmaskiner ein stor utsleppsfaktor.

10. mars, 2016

Statistisk sentralbyrå hadde frå 2009 til 2013 statistikk på utslepp i alle kommuner.  Sidan har dei mangla midlar til å få god nok kvalitet på statistikken.

Grafikken viser tal frå Volda og Ørsta frå 2009 – 2013. For Volda sin del gikk dei samla utsleppa ned frå 2011 til 2013. Dette skyldast at anleggstrafikken var spesielt høg langs Kvivsvegen i 2011.

I 2013 hadde Volda eit samla utslepp på 28880 tonn (CO2)-ekv. Ørsta hadde 41850 tonn. Den store skilnaden skyldast i hovudsak at Ørsta er ei jordbrukskommune.

Miljøpartiet Dei Grøne ser på klimaplanane i kommunene som viktige i arbeidet framover. Desse må brukast aktivt, og det må rapporterast kvart år om korleis utviklinga går.

Kjelder:

http://www.miljostatus.no/finn-tallene/?query=Kommunefordelte+klimagassutslipp

https://www.stortinget.no/no/Saker-og-publikasjoner/Publikasjoner/Innstillinger/Stortinget/2015-2016/inns-201516-175/