Fotocredit: Volda stadion mars 2016, bildekksgranulat utanfor gjerde og rett i elva.

Kunstgras og granulat

MDG sitt forslag til vedtak vart einstemmig vedtatt i Volda kommunestyre idag:


«Kommunestyret ber om ei utgreiing for å hindre spreiing av bildekksgranulat i naturen, forsvarleg avhending av utslitne baner og reduksjon i plastforbruk for alle kunstgrasbanene i kommunen.»

 

MDG viste bilete frå stadionområdet (tatt i mars) til kommunestyret. Det var skremande dokumentasjon, og virka nok inn. Representantane forsto alvoret i saka. Kommunestyret var ikkje i tvil om at nye rutiner må til på stadion.

24. november, 2016

Sak 146/16 Utskifting av kunstgras. Kommunal lånegaranti.

MDG støtta kritikken av saksutgreiinga som vart lagt fram i Formannskapet. At negative helse- og miljøkonsekvensar  ikkje var nemnde i saksutgreiinga, og at kommunen ikkje har nytta sin eigen miljøfaglege kompetanse i denne saka er uforståelig.

Statens Forureiningstilsyn har kome med ei klar tilråding om å ikkje nytte bildekksgranulat i kunstgrasbaner. Det finst alternativ som sand og kork.

Miljødirektoratet har funne ut at i snitt forsvinn 1,5 tonn med granulat frå kvar bane i året, det meste endar til slutt i havet som mikroplast. (Det finst ca 1000 kunstgrasbaner i Norge.)

I Volda sentrum har vi to utandørs baner pluss 7-arbane,  og ei kunstgrasbane i Mørehallen. Fotballforbundet tilrår å skifte ut kunstgras kvart tiande år. Det betyr at det kan kome ein slik garantisøknad til kommunen ca kvart 4. år.

Kunstgras er eit produkt med utruleg dårleg haldbarheit, i løpet av 100 år kan laget forbruke opp til 30 kunstgrasdekke. Idrettsanlegg med eit så enormt plastforbruk er ikkje miljøvennlege. Evigvarande naturgras er eit nærliggande alternativ, og bør vurderast i alle fall på ei av dei tre banene.

På hundre år kan 20 tonn mikroplast forsvinne frå utandørsbanene på stadion, og vi har ei verdifull fiskeelv like ved.

MDG foreslo å utsette saka for å få ei grundig vurdering av helse- og miljørisiko, og tiltak for å redusere spreiing av granulat. Først deretter kan kommunestyret gjere eit opplyst vedtak. Det punktet fikk berre 8 av 27 stemmer og vart nedstemt. Dermed vart lånegarantien gitt, men MDG fikk altså fullt gjennomslag for utgreiing. Slik kan vi få heilt nye rutiner i slike saker.

I tillegg har fotballaget akseptert å frese snø vekk frå banene med ei klaring på 10 cm mot kunstgraset, for deretter å fjerne resten av snøen med ein høvel. Det er svært positivt, og kan hindre at granulat fyk utanfor gjerde.

Turvegen forbi stadion. Mars 2016.