MDG har nestleiar i forvaltningsstyret i Volda

Kommunestyret i Volda vart konstituert i dag, 29. oktober. Jørgen Amdam, Ap, vart ny ordførar. Øyvind Festø, MDG, vart nestleiar i forvaltningsstyret. Her ser vi Øyvind og den nye ordføraren under innsettingstalen.

29. oktober, 2015

Øyvind Festø fikk første varaplass i formannskapet i tillegg til nestleiarvervet i forvaltningsstyret. MDG har også fått første varaplass i driftsstyret, der Inghild Remøy vil bli kalla inn ved fråfall. Helge Standal er innstilt som styremedlem i  Volda-Ørsta Reinhaldsverk, og han har fått varaplass i byggenemnda.

Vi ser fram til å gjere ein god innsats og vri politikken i Volda i ei grønare retning. Det ser ut til å bli eit godt samarbeid i den Grønraude gruppa, men også med dei andre partia i kommunestyret.

Ein historisk dag for Miljøpartiet Dei Grøne i Volda!