MDG Ørsta vil vite meir om tilstanden kring oppdrettsanlegga
Vedtak i Samfunnsutvalet etter initiativ frå Frida Gillberg, MDG:
Samfunnsutvalet vil på grunnlag av nye søknader om avlusingsmerder og andre oppfanga signal om luseproblem nasjonalt og lokalt, utgreie situasjonen for fiskehelse i Ørsta kommune. Samfunnsutvalet veit at dette er noko næringa også er opptatt av og håper på godt samarbeid med kommunen sine aktørar.
Utvalet er usikre på korleis dette kan gjerast på best mogleg måte, og ber difor administrasjonen om innspel på korleis ein kan gå til verks for å skaffe seg oversikt over kor stort problemet med lus er i Ørsta, kva slags middel som blir brukt av kven og i kor stor mengde, og kva andre tiltak og problem næringa opplever tilknytt lus.