MDG Ørsta/Volda deler seg i to lokallag

felleslogoStyret går inn for ei todeling av lokallaget. Vi tek eit ekstraordinært årsmøte 19. mars for å ha eit lag i kvar kommune. Dette vil gi oss rett til å motta stemmestøtte dei neste fire åra, og det er naturleg i kommunevalkampen å ha kvart sitt lag. Felleslaget vart oppretta i 2013 då vi hadde berre 11 medlemar.

Dei to lokallaga kjem til å samarbeide om mange arrangement og diskutere felles politikk for kommunene.

Vi har fleire ørstingar som vil stå i styret for det nye MDG Ørsta og tilsvarande i MDG Volda.

MDG har no klare førstekandidatane og tilstrekkelig mange på listene i både Volda og Ørsta. Vi har fått fleire nye medlemar i det siste, og har plass til fleire. Om du ikkje er medlem, kan du likevel stå på liste for MDG i kommunevalet. Ta kontakt med volda@mdg.no eller bjorn.helset@gmail.com

Er du interessert i grøn politikk så kan du bli med på møtet klokka 18:00 torsdag den 19. mars på Strømpeneset i Ørsta. Vi er ganske sikre på å få nok stemmer til å kome inn i begge kommunestyra, men vi er også klar over at det krev ein stor innsats i valkampen. Bli med og støtt oss slik at reell grøn lokalpolitikk vert ein realitet!

Velkomen!