MDG sine merknader til Kommuneplan for Volda, samfunnsdelen

MDG i Volda har hatt ein gjennomgang av spørsmåla som ligg i høyringsdokumentet til kommunen. Her er våre merknader til planprogrammet, dei vart sendt til kommunen innan fristen den 19. juni 2015:

Kommuneplan for Volda kommune SAMFUNNSDELEN
Attraktivitet. Folk – næring – trivsel
Korleis utnytte innvandrarar som ressursar i lokalmiljøet og sikre god integrering?

Det må opprettast arenaer for frivillig arbeid i gjenbruksbutikkar, idrettslag, reparasjonsverksemder, renovasjo

26. juni, 2015

MDG merknader

MDG i Volda har hatt ein gjennomgang av spørsmåla som ligg i høyringsdokumentet til kommunen. Her er våre merknader til planprogrammet, dei vart sendt til kommunen innan fristen den 19. juni 2015:

Kommuneplan for Volda kommune SAMFUNNSDELEN

Attraktivitet. Folk – næring – trivsel

Korleis utnytte innvandrarar som ressursar i lokalmiljøet og sikre god integrering?

Det må opprettast arenaer for frivillig arbeid i gjenbruksbutikkar, idrettslag, reparasjonsverksemder, renovasjons- og ryddegrupper administrert av VØR, og kulturarrangement gjennom Frivilligsentralen. Dette sikrar god kjennskap, identitet og tilhøyrigheit til lokalsamfunnet, og vil vere ein god basis for å kunne kome i ordinært arbeid. For å få til dette må vi halde på eige læringssenter for Volda og ikkje slå det saman med Ørsta eller ei storkommune.

Korleis sikre gode oppvekstvilkår?

Ved at alle born kan få gå på sin nærskule, og at skulebygg og personale har nok ressursar til vedlikehald av bygg og til at kvart barn blir tatt vare på. Vi må ha leikeområde for born også i sentrumskjernen.

Korleis nytte dei eldre som ressursar i samfunnet?

Arrangere «eldredagar» i barnehagar og skular. Støtte eldreuniversitetet, sogelaget og pensjonistlaget sitt arbeid.

Korleis legge til rette for verdiskaping og arbeidsplassvekst?

Ved å dele på arbeidsoppgåvene. Ta ut verdiskaping på arbeidsplassar i form av fritid, og sleppe til fleire på kvar arbeidsplass. Verdiskapinga må ikkje skje i form av auka ressursbruk som går ut over naturmangfald eller auke i import og transport. Målet må vere trivsel og livskvalitet, ikkje vekst for ein kvar pris. Støtte kulturnæringshagen, Studiebygd@ og sentrumsplanen «Mellom bygningane»

Korleis ta vare på og styrke landbruksnæringa?

Landbruksavdelinga må i langt større grad arbeide for lutbruk (andelslandbruk) og parsellhagar i samarbeid med grunneigarar, særleg i sentrum. Sørge for framtidig pollinering ved å ha biologisk mangfald og spesielt blomsterenger for humler og andre insekt. Utarbeide plan for å fjerne svartlista artar, og styrke arbeidet med å ta vare på raudlista artar.  Det må satsast på «plukkhogst» heller enn flatehogst, og bruke lettare maskiner og tømmerbilar i skogbruket. Støtte Bondens Marknad og tilby lokale matvarer i eigna lokale eller i samarbeid med daglegvarebutikkar. Økologisk berekraft og betre sjølvforsyning må vere målet.

Korleis kople ulike kompetansemiljø?

Gjennom aktivt utadretta arbeid av rådgjevar innan Næring i kommunen. Oppsøke bedrifter, skular og avdelingar på Høgskulen.

Korleis nytte naturen som ein ressurs?

Kommunen må opprette eiga stilling for Miljøvernkonsulent. Vi må ha ei streng forvaltning av retningsliner frå Miljødirektoratet. Oppdrett må inn i lukka anlegg slik at vi sikrar villaksstammene og hindrar spreiing av spillfor, lusemiddel og medisin gjennom fjordstraumane. Fjordfiske må gi høve til sal av reker og fisk på kaia. Vi må ha eige blåskjelvarsel slik at vi alle kan sanke blåskjel og ete dei trygt. Etablere eit hummarreservat i ein av fjordane. Halde fram med god forvaltning av hjortestammen. I større grad nytte erfaringar frå tidlegare landbruk i Volda, der kvart bruk har sitt økologiske berekraftnivå.

Korleis ta vare på og utvikle gode idretts-, kultur- og fritidstilbod?

Her ar mangfaldet viktigare enn dei store enkelthendingane. Breiddeidretten skal ha fokus, det gir god folkehelse. Vi må ta vare på idrettsanlegga og kulturhusa og snakke fram Volda samfunnshus og Gamlegymnaset som  flotte historiske bygg med mange kvalitetar. Dei vil vere verdifulle for generasjonar framover. Det rike organisasjonslivet i Volda er hjørnesteinen i det mangfaldige kulturlivet vårt.

Busetting

Kva slags strategi skal kommunen ha for busetting?

Det må leggast til rette for busetting både i sentrum og i grendene. Vi må utvikle «10-minuttsbygda», der bustad, arbeid, skule, viktige butikkar og kulturaktivitetar er muleg å nå til fots innan 10-15 minutt.

Kva type bustadar er det behov for, og kvar?

Utleigebustader, særleg i sentrum. Unngå blokker og blokkliknande bustader i dei etablerte bustadfelta, og få meir mangfald ved nye utbyggingar av byggfirma. Der det allereie er blokker, kan vi få fleire, til dømes mellom rådhuset og Legeloftet. Dersom dei vert vesentleg billegare, bør ein gå bort frå livsløpsstandard/universell utforming for ein viss del av bustadane. Alle bustadbygg må i større grad ha krav til eigen energiproduksjon. Nye bustader må ikkje byggast på matjord.

Korleis sikre god og variert tilgang på bustadar og tomter?

Vi har nok tilgang på dyre einebustader, etter kvart er mange einebustader omgjort til studentkollektiv. Det som manglar er kommunale utleigebustader for flyktningar og andre hjelpetrengande. Dette kan sikrast gjennom krav til nye byggefelt om at ein viss del skal settast av til slike bustader.

Korleis legge til rette for gode bumiljø?

Trygge skulevegar med høge gangfelt, 30- og 40-soner innanfor dagens 50-sone. Betre sykkelvegar. Få gjennomgangstrafikk ut av sentrum. Ryddedugnader i kvar gate kvar april. Parsellhagar i rimeleg avstand.

Korleis få unge som flytter ut til å kome tilbake?

Vi må ha trivsel og livskvalitet som fokus, ikkje forbruksvekst.

Korleis få studentar i Volda til å bli verande i regionen?

Ved å vise gode døme på at det har lukkast å etablere seg her.

Korleis sikre eit godt leigemarknad?

Utleigemarknaden må vere tilfredsstillande både for utleigar og leigetakarar. Unngå spekulasjon og unødvendig høge prisar ved at også rimelege kommunale utleigebustader er tilgjengelige.

Volda i regionen

Korleis styrke Volda og Ørsta som eit regionalt funksjonsknutepunkt?

Flyplassen, Sjukehuset og Høgskulen gjer Volda og Ørsta til eit regionalt funksjonsknutepunkt. Vi må ta vare på desse. Med Stad skipstunnel i sikte bør vi også få hurtigbåten mellom Ålesund og Bergen til å kome innom Volda.

Korleis trekkje ut synergiar gjennom aktivt interkommunalt og regionalt samarbeid?

Reinhaldsverk og barnevern er dei viktigaste interkommunale satsingane. Desse er allereie godt utbygde. Regionrådet for dei 7 kommunane på Søre Sunnmøre må halde fram som arena for samarbeid i regionen. På fritt grunnlag må Volda også samarbeide med Hornindal, Stryn og Eid når aktuelle saker krev dette.

Korleis trekkje ut synergiar frå kommunereformprosessen?

Regionen består av mange lokalsamfunn. Regionen sin styrke er summen av livskraftige lokalsamfunn. Kommunane skal ikkje konkurrere om å bli størst, dei må hente idear frå kvarandre for å skape økologisk berekraftige lokalsamfunn med god trivsel.

Korleis styrke og ta vare på kompetansen i Volda? Korleis rekruttere arbeidskraft?

Dette er også svart på i kap om Attraktivitet. Kompetanse kan målast på ulikt vis. Dei eldre sin kunnskap om handverkstradisjonar, landbruk og fiske må takast vare på. Sogelaget og musea våre er viktige institusjonar, båtbyggartradisjonen i Bjørkedalen har eige kystlag som vi må verdsette. Vi må ta på alvor forskingsresultat frå Møreforsking i det politiske arbeidet. Arbeidskraft er mellom anna NAV si oppgåve. NAV har flykta til Internett, vi må ha arbeide for å få tilbake eige NAV-kontor i Volda sentrum, som kan vere ein aktiv pådrivar for å formidle arbeid lokalt. Vi vil også peike på at frivillige organisasjonar som t.d. Røde Kors også i framtida kan rekruttere mange kompetente arbeidarar til ambulanseteneste, sjukehus og omsorg.

Korleis ta vare på, utvikle og utnytte sjukehuset, høgskulen, kommunen og andre institusjonar som ressursar?

Vi må la desse institusjonane få arbeidsro og tryggleik ved å få fylkespolitikarar og Helseforetak til å slutte å stadig snakke om samanslåing og sentralisering.

Korleis styrke samarbeidet mellom kompetansearbeidsplassane?

Alle arbeidsplassar er kompetansearbeidsplassar. Fagforeiningar kan i større grad samarbeide om kurs og kompetanseutvikling.

Korleis styrke og bevare kultur- og naturverdiar?

Dette er omtalt i kommentar til «Korleis nytte naturen som ein ressurs?» Det rike organisasjonslivet i Volda er hjørnesteinen i det mangfaldige kulturlivet vårt. Vi må gi frivillig arbeid gode vilkår gjennom tilskot til drift og samordning gjennom Frivilligsentralen.

Korleis arbeide for eit godt omdøme?

Smile.

Volda sentrum

Kva mål og visjonar har vi for Volda sentrum?

Trivsel og livskvalitet, gangavstand til sentrale funksjonar. Mindre trafikk og trafikkstøy. Eit mangfaldig og roleg sentrum også for born, eldre, funksjonshemma og innvandrarar, der vi tek vare på trehusa og skaper møteplassar for lokal handel og kulturarrangement. Bondens Marknad og fisk- og rekesal frå kaia skal ha gode vilkår.

Korleis gjere Volda sentrum attraktivt?

Gjennomføre sentrumsplanen med prosjektet «Mellom bygningane». Bygge ein klatrepark for born i sentrumskjernen, liknande den dei har bygd på Eid, eller plassere ulike leikeapparat som balanseapparat, hinderløype, disser, vipper, karusell, sklier, slengtau og lignande mellom bygningane. Lage gangsti frå ferjekaia til Munken badeplass. Senke farta på trafikken og heve gangfelta.

Korleis få til gode samarbeidsavtalar mellom fylkeskommune, kommune, næringsliv og frivillige?

Eit omfattande spøsmål. Vi må vere ryddige og følgje opp tidlegare avtalar, og informere alle partar godt.

Korleis utvikle sentrumsområde med forankring i lokal identitet og tilhøyrsle?

Historiene bak fyrbygging, båtbyggartradisjonen, nynorsken, avishistoria, skulehistoria og det opplyste bondesamfunnet må vise igjen i sentrumsbiletet. Her kan lokale kunstnarar yte gode bidrag. Vi må ikkje gjere utbyggingsvedtak utan grundig handsaming. Bruke frivillige organisasjonar som høyringsinstansar.

Folkehelse

Korleis førebygge psykisk uhelse, spesielt blant unge jenter?

Trygge relasjonar mellom barn og vaksne og mellom barn og barn er den beste medisin for god psykisk helse. Barnehagar, skular og helseteneste må ha nok ressursar til at trygge relasjonar mellom elevar og lærarar kan byggast opp. Vi må unngå stadig forventnings- og prestasjonspress i fritidsaktivitetar, slik at borna blir overorganiserte og kronisk stressa.

Korleis førebygge overvekt, spesielt hos barn og unge?

Eit stort mangfald i aktivitetstilbod på fritida, nærheit til attraktive uteområde, og uteaktivitet i skuletida med praktiske oppgåver. Også digitale verktøy til dømes gjennom geocaching kan nyttast for å få folk ut å gå. Ha tilbod om økologisk sunn mat på skular og helseinstitusjonar. Etablere skulehagar.

Korleis legge til rette for gode oppvekst- og levekår?

Eit omfattande spørsmål. Stikkord: Trygge relasjonar, trafikktrygge bumiljø, gode nærskular, oversiktlege samfunnsstrukturar, godt kvalifisert personale barnehagar, skule, helsestasjon.

Korleis førebygge mobbing, einsemd, angst, rus og livsstilssjukdomar?

Sjå punkta over.

Korleis legge til rette for fysisk aktivitet i kvardagen?

Bruke sykkel, rullebrett og beina når ein skal til og frå skule, arbeid, innkjøp og andre aktivitetar.

Korleis styrke innbyggjarane sin livskvalitet?

Dei grunnleggande 5 sakene som må vere på plass er: Ein grei stad å bu, tilgang på sunn mat, tilgang på frisk luft, muligheit for hygiene og eit minimum av intellektuell eller kulturell stimuli. Ut over dette må kjønna vere likestilte, folk må ha trygge og meiningsfulle arbeidsplassar eller tilstrekkeleg trygd, møteplassar for sosiale og fysiske aktivitetar og høve til å dyrke individuelle interesser. Av dette får vi trygg lokal identitet og kjensle av å høyre til og bli verdsatt.

Klima og miljø

Korleis gjennomføre tiltak for å betre miljøet og redusere klimagassutslepp?

Informere og motivere innbyggarane til å legge om livsstilen med mindre forbruk og redusere utslepp gjennom transport. Kommunen skal så langt som råd nytte utsleppsfrie køyrety. Vi må jobbe for at ferjekonsesjonane for Voldsfjorden skal ha krav om nullutslepp. Større aksjonar for opprydding av søppel må organiserast av VØR og Frivilligsentralen, som kan utfordre skular og organisasjonar til å rydde visse områder. Gjennomføre tiltak for å reinse elvar og ta vare på gyteplassar for fisk. Følgje tiltak som er skissert i Vannportalen.no. Søke midlar for å fjerne svartlista artar. Ha tiltak for humler og andre insekt som kan styrke pollinering.

Kva strategi har vi for ein berekraftig arealbruk?

Unngå utbygging på matjord, bevare viktige biotopar og blomsterenger. Støtte økologisk landbruk.

Korleis legge til rette for miljøvennleg transport?

Kommunen skal så langt som råd nytte utsleppsfrie køyrety. Vi må jobbe for at ferjekonsesjonane for Voldsfjorden skal ha krav om nullutslepp. Satse på sykkelvegar og kollektivtransport.

Korleis ta vare på naturen som ein ressurs?

Dette er også tatt med i kapittel «Attraktivitet» Støtte økologisk landbruk.

Korleis ta vare på det biologiske mangfaldet?

Større aksjonar for opprydding av søppel må organiserast av VØR og Frivilligsentralen, som kan utfordre skular og organisasjonar til å rydde visse områder. Gjennomføre tiltak for å reinse elvar og ta vare på gyteplassar for fisk. Følgje tiltak som er skissert i Vannportalen.no. Søke midlar for å fjerne svartlista artar. Ha tiltak for humler og andre insekt som kan styrke pollinering.

Tenester

Korleis sikre tilfredsstillande dekningsgrad og standard på kommunale velferdstenester innanfor økonomisk handlingsrom?

Følgje nøye med på standarden i velferdstenestene, og ta på alvor meldingar om underbemanning. Samarbeide med pårørande, interesseorganisasjonar og fagforeiningar. Ha ein svært forsiktig investeringspolitikk. Utnytte ordningar gjennom Husbanken for bustader til hjelpetrengande.

Korleis få til ein sterkare kopling mellom kommuneplan, budsjett og økonomiplan og arbeidsoppgåver?

Ha ein svært forsiktig investeringspolitikk.

Korleis sikre kompetanseutvikling og rekruttering, behalde arbeidskraft og redusere sjukefråvær?

Dempe iveren etter samanslåing av kommuner, sjukehus, vidaregåande skular, høgskule mm. Stabilitet gir tryggheit, det sikrar rekruttering og kompetanse.

Korleis skape kultur for innovasjon?

Sleppe Høgskulen til i kommunal planlegging og samarbeidsorgan for næringslivet. Skape møteplassar mellom næringsliv og studentar.

Korleis møte framtidige krav til omstilling og effektivisering?

Ikkje gjere overilte vedtak. Ta vare på det gamle som fungerer godt.

Korleis møte forventa auka press på kommunale tenester?

Synleggjere trongen for statlege overføringar. Gi gode vilkår for frivillige organisasjonar innan helse- og sosialområdet. Redusere arbeidstid slik at folk kan ta seg av familiemedlemar med hjelpebehov.

Korleis utvikle gode kommunikasjonsliner ut, inn og internt i kommunen?

Vi får gode kommunikasjonsliner for bil med tunnel til Furene. Jobbe for el hurtigbåt mellom Ålesund – Volda – Selje – Bergen når Stad Skipstunnel er klar.

Korleis møte kommunereforma?

Neglisjere reforma, heller jobbe for livskraftige lokalsamfunn og reelt lokaldemokrati.

Korleis forvalte og utvikle bygningsmassen?

Ha nok ressursar til vaktmeistertenester.

 

Volda 17. juni 2015

Styret i Miljøpartiet Dei Grøne Volda