Miljøvennlege kunstgrasbaner

Fotocredit: Illustrasjonsbilde. Etter snøfresing av kunstgrasbaner ligg bildekkrestane langt utanfor banene.

– I framtida bør Ørsta kommune stille krav om at oppmalte bildekk ikkje vert nytta i kunstgrasbaner i kommunen, av miljø- og helsegrunnar. Representant for MDG, Frida Gillberg, tok opp saka i kommunestyret sist torsdag, og fremja oversendingsforslag til handsaming i levekårsutvalet.

28. mai, 2016

 Dersom det ikkje er mogeleg å lage/etterfylle ei kunstgrasbane utan å nytte biologisk nedbrytbart materiale, må vi stille krav om at materialet skal vere resirkulerbart, og at tiltak mot spreiing vert utført i samarbeid med Ørsta kommune sin miljøvernkonsulent. Utan dette bør laga ikkje få kausjon til lån, sa ho. Denne gummien får fisk og dyr i seg, og det har konsekvensar også for menneska. Kvar kunstgrasbane inneheld rundt 100 tonn gummigranulat, og må etterfyllast med om lag 10 tonn kvart år grunna snørydding, avrenning og fordi det festar seg til sko og klede. – For å minke spreiinga kan vi lage sikring rundt banene og ha rutinar for dei som nyttar bana. Frida fikk brei oppslutnad om saka i kommunestyret.