Møt dei stortingsnominerte i MDG

Møt opp på Møre Folkehøgskule i Ørsta tirsdag 20. september klokka 18:00

MDG i Møre og Romsdal har funne 5 godt kvalifiserte kvinner og menn som ynskjer å stå på topp på stortingslista i 2017. No skal vi finne den beste kandidaten, og du kan bli med å avgjere kven som skal på topp.

15. september, 2016

Dei fem toppnominerte er (ikkje prioritert rekkefylgje)

  • Carl Johansen, Sunndal/Oslo
  • May Britt Haukås, Brattvåg/Ålesund
  • Lage Nøst, Molde/Oslo
  • Ragnhild Godal Tunheim, Halsa
  • John John Bruseth, Ålesund

Kvar av dei får 20 minutt til å presenterer seg inkl. spørsmålsrunde.

Vi bør også få inn fleire frå Søre Sunnmøre på stortingslista.

Nominasjonskomiteen tek imot innspel frå lokallaga fram til 26. september. Ørsta og Volda MDG vil sende inn sine prioriteringar. I starten på oktober vil nominasjonskomiteen legge fram si innstilling.

Endeleg avgjerd blir tatt på nominasjonsmøte på Vestnes den 12. november.