Møt vår fyrste kandidat Olav Opsvik

Vyrde sambygdingar! Mitt namn er Olav Øyehaug Opsvik. Eg er 29 år og ordførarkandidat for Miljøpartiet Dei Grøne i Ørsta.

30. august, 2019

Eg bur på Vallabøen saman med hunden min og kona mi, og jobbar som programansvarleg i Ivar Aasen-tunet. Der har eg ansvar for kulturprogrammet og programmet til Dei nynorske festspela. Det er ein fin jobb og eg trivst godt i heimbygda mi! Eg stiller til val for Dei Grøne fordi eg ser at vi må setje berekraft i sentrum for alle politiske avgjerder vi tek. Miljøpartiet Dei Grøne er dei einaste som alltid vil setje klima- og miljøsaka først, og som ser etter dei gode løysingane for å hjelpe oss å ta store nok steg mot nullutsleppsamfunnet. Noreg har allereie forplikta seg til Parisavtalen, men den noverande regjeringa gjer diverre alt for lite for å faktisk nå dei måla vi har forplikta oss til. Eg trur på at Ørsta, Sunnmøre og Noreg har folk med større ambisjonar enn den gjengen – og eg trur at vi kan bli best på grøn omstilling. Sunnmøringar har alltid vore innovative og driftige folk som ser moglegheiter, og det grøne skiftet er fullt av moglegheiter til å skape eit betre samfunn og betre lokalmiljø og trygge oppvekstvilkår der vi bur og lev liva våre. I Ørsta vil vi ha ein ambisiøs klimaplan, med budsjett og rekneskap for utslepp som blir fulgt tett av kompetente tilsette i administrasjonen. Vi vil jobbe for at mjuke trafikantar og skuleborn har prioritet i trafikken, med bilfrie hjartesonar rundt grunnskular og betre tilrettelegging for syklande og fotgjengarar i heile kommunen vår. Vi vil også jobbe for at der kjem hurtigladestasjonar til elbilar i kommunen og at vi tenkjer smart og framtidsretta i reguleringsplanar slik at vi byggjer klimavennlege hus, bevarer matjorda vår og tek vare på den urørte naturen som er så viktig for alle som bur her. Klimakrisa er ei stor utfordring, men saman kan vi klare å ta samfunnet i ei ny og betre retning! Det viktigaste du kan gjere for klimaet i år er å stemme grønt. Godt val!