Når region blir religion

Stortinget har pålagt oss ei kommunereform. Vi ser at våre lokale leiarar entusiastisk overoppfyller ynskja frå sentraliseringsminister Sanner. Kommuneleiinga kastar no vekk mykje tid og ressursar med uendelege nabopratar, innbyggargranskingar og utgreiingar.

Dette er uproduktivt omorganiseringsarbeid og  ei avleiing frå dei viktige sakene i norsk politikk: Skape berekraftig arbeidsliv, ta vare på naturmangfald, redusere klimagassutslepp og skape god livskvalitet. Den nye regionreforma er like meiningslaus.  Kommune- og fylkesinndelinga fungerer heilt greitt som ramme for å gjennomføre det grøne skiftet.

10. mai, 2016

Det er ideologi, ikkje kunnskap, som er basis for endringane. Sanner har bestemt på førehand at kommunane er for små, trass i at staten sine eigne innbyggarundersøkingar viser at på 13 av 18 saksfelt er det innbyggarar i små kommunar som er mest nøgde. Når ein i tillegg vil straffe kommunar som ikkje vil slå seg saman, ved å trekke millionar over kommunebudsjettet, blir det heile ufint. Trua på at regionkommunar kan løyse alle slags problem er absolutt. For somme har region blitt religion.

Volda-Ørsta

Intensjonsavtalen kan ikkje vise til eit einaste nytt felles prosjekt som ørstingar og voldingar kan samle seg om. Avtalen stadfestar at Volda skal bygge kulturhus og Ørsta fleirbrukshall, noko som kvar kommune vil greie elegant utan samanslåing. Voldatunnelen kjem også på plass uavhengig av samanslåing, og vi har Sunnmøre Regionråd som arbeider godt for regionale saker.

Intensjonsavtalen har ikkje med eit einaste ord om miljøkonsekvensar. Det seier seg sjølv at bilkøyring mellom Ørsta og Volda vil auke monaleg etter samanslåing, utslepp, vegslitasje og dekkslitasje vil auke.

Volda kommune har laga ei informasjonsbrosjyre om intensjonsavtalen med Ørsta, den har oppgitt feil tal om økonomien etter reforma, det er ei einsidig rosemåling for samanslåinga. Om kommunen hadde prioritert å gjere ferdig samfunnsdelen av kommuneplanen, så hadde vi hatt eit fantastisk dokument som viser alt vi kan få til med Volda som eigen kommune. Les det førebelse forslaget, og du blir overtydd om at Volda greitt kan gi gode tenester til innbyggarane. Og kvifor lagar ikkje kommunen ei eigen brosjyre som fortel kor bra det blir ved å halde fram som før, med samarbeid over kommunegrensene?

Vi høyrer hint om at sjukehuset og høgskulen kan bli lagt ned om vi ikkje slår oss i hop, utan ei logisk forklaring. Med to kommunar kan to ordførarar saman vitje statsrådar i Oslo og argumentere for akuttfunksjonen på sjukehuset, – at ein ordførar skal greie dette betre aleine, har eg inga tru på.

I dag har dei folkevalde ein rimeleg sjanse til å fare på synfaring til dei fleste planlagde byggeprosjekta, og tid til å sette seg inn i konsekvensar. Med ei felles Volda-Ørsta kommune vil det bli for mange saker og for lange avstandar til at dette let seg gjere. Ei felleskommune vil krevje meir profesjonelle politikarar, eller det vil gi større makt til sakshandsamar. Det blir eit svakare lokaldemokrati.

Vi ser at leiarane som vi har valt til å styre lokalsamfunnet vårt, nyttar mest all si tid på regionutvikling. Ordførar Amdam skriv at lokaldemokratisk makt vil bli svekt om ein ikkje lagar nye ordningar slik at deler av ein regionkommune får meir sjølvråderett på visse felt. Til forveksling lik dei ordningane som eksisterande kommunar har i dag. Intensjonsavtalen seier: “ utvikling av nærdemokrati skal gjevast høg prioritet.» Om dette var viktig i reforma, ville vi fått konkrete føringar på det, i staden kjem forslag om langt færre folkevalde.

MDG vil at politikken skal handle om menneske, vi seier at nordmenn og -kvinner treng trygge lokalsamfunn med gode tenestar, og berekraftig næringsliv i store og små kommunar.

Store endringar i kommune- og fylkesgrenser vil ta fokuset vekk frå dei viktige sakene i politikken i årevis framover.  Eg vil med dette tilrå at voldingar og ørstingar i folkerøystinga den 19. mai møter opp og røyster for å halde fram som eigne kommunar!

Helge Standal
leiar i Miljøpartiet Dei Grøne Volda