Ny leiar i Ørsta MDG

Fotocredit: Frå årsmøte i Skjåstaddalen

Lillian Auflem Øye vart valt til ny leiar i Ørsta MDG under ekstra årsmøte på Bjørke den 13. juni.
Årsmøtet takka avtroppande leiar Bjørn Helset for god innsats under valkampen. Bjørn har mange jarn i elden, og vil kome sterkare tilbake i MDG ved seinare høve.

17. juni, 2016

Styre 2016:

Leiar – Lillian Auflem Øye
Nestleiar – Knut Arne Nygård
Kasserar – Anders Steinnes
Sekretær – Stina Jakobsen
Styremedlemmar – Irén Aambø  og Per Inge Rebbestad
Varamedlemmar – Kirstin Graff
Valkomité – Maria Nikkinen Rørstad, John Inge Leira Bjøringsøy og Frode Holen

Lillian har særlege interesser innan landbruk og mat, ho startar også opp med andelsgard i Ørsta i desse tider. Det er eit solid styre som satsar på faste styremøter anna kvar månad, i samband med gruppemøta. Dermed kan styret støtte Frida, som sit i kommunestyret, i lokalpolitikken.