Ope møte om Sunnmøre Friluftsråd

Fotocredit: May Britt Haukås, dagleg leiar av Sunnmøre Friluftsråd, kjem til oss tor å snakke om korleis vi kan dra fordel av medlemskap
Måndag 12. februar klokka 20:00 vil dagleg leiar May-Britt Haukås i Sunnmøre friluftsråd halde foredrag på Volda Folkebibliotek, på Rådhuset. Volda kommune har løyvd midlar til medlemsskap i Sunnmøre friluftsråd for 2018, og det same har Ørsta kommune gjort.

11. februar, 2018

Sunnmøre Friluftsråd har desse medlemskommunane: Giske, Haram, Norddal, Skodje, Stordal, Sula, Vestnes, Ørskog og Ålesund, og ventar at Volda og Ørsta skal kome med i 2018. Rådet er 40 år, og er spesielt opptatt av folkehelse, der «Stikk-UT»-kampanjen har blitt kjempepopulær. Rådet driv også strandrydding, kurs, utstyrsutlån og tilrettelegging av stiar og friluftsområde.
Måndag kl 20:00 kjem May-Britt Haukås til Volda folkebibliotek for å fortelje om korleis kommunane på best mogleg vis kan nyttiggjere seg av medlemskapen.
– Vi ønsker at innbyggarane våre skal nyte og nytte seg av den fantastiske naturen vi har rundt oss. Korleis legg vi til rette for det? Ope møte. Kom innom!