Pestrot

Onsdag hadde Miljøpartiet Dei Grøne i Volda synfaring i den gigantiske pestrotåkeren ved badeplassen Munken i Volda.

27. august, 2015

Naturvernforbundet, representant for kommunen, toppkandidaten John John Bruseth i MDG M&R, og toppkandidat Bjørn Helset i Ørsta MDG var med, – Sunnmørsposten og Møre følgde interessert etter.

Vi har tidlegare skrive om svartlista artar i Volda og Ørsta, spesielt Parkslirekne, i lokalavisa og på denne sida.

Pestrotområdet i Vikane nord for Volda sentrum strekker seg 200 meter langs E39. I Volda finst det også lokalitetar lenger ute i Egsetstranda, i Elvadalen og fleire stader i det nye næringsområdet i Furene. Om det er snakk om Kvitpestrot eller ein annan variant er litt usikkert, men heile pestrotfamilien er svartelista på grunn av at arten er nesten uråd å stoppe utan ein grundig og langvarig innsats.

Utbreiinga skjer over lang tid, kanskje pestrøtene har vore ved Munken i 40-50 år? Om nye 40-50 år vil dei ha dobla området sitt om vi ikkje stoppar det.

Ansvaret for å fjerne desse pestrøtene og andre svartlista artar er litt uklart. Kommunen har eit ansvar etter Naturmangfaldlova. Men også Vegvesenet, Landbrukskontoret, grunneigarar, Fylkesmannen og Fylkeskommunen kan ta affære.

Vår von er at ein slepp å nytte giftstoff for å fjerne elendigheita. I så fall treng ein grendalag og andre lag og organisasjonar med på ein stordugnad.

Løysinga på problemet skal vi ikkje spekulere i her. Saka er i alle fall at Miljøpartiet Dei Grøne vil jobbe vidare med dette i kommunestyret og i Fylkespolitikken.

Uansett må Volda få tilsett ein miljørådgjevar i full stilling. Dette har Miljøpartiet Dei Grøne i sitt program. For oppgåvene er mange:

-Leie arbeidet med å fjerne svartelista artar.

-Arbeide for å redde raudlista artar.

-Ryddedugnadar om våren, for å fjerne plast og anna søppel.

-Følge med på oppdrettsnæringa sine utslepp i fjordane våre, og rapportere dette til politikarane.

-Følge opp strandsona, og sjå til at der er fri ferdsel.

-Aksjonere mot ulovleg motorferdsel i utmark.

-Følge opp Vanndirektiveet sitt arbeid med små og store vassdrag i kommunen for å hindre ureining og legge til rette for gyteplassar for mellom anna sjøørret.

Fylkestopp i MDG M&R, John John Bruseth, vil jobbe aktivt for å fjerne svartlista artar når han no går inn i Fylkespolitikken.