Fotocredit:

Program for Ørsta 2019-2023

FOR 

MENNESKE

OG MILJØ

29. august, 2019

 

  1. Innleiing: Kva er berekraft?

  2. Kommunal miljøleiing

  3. Grønt næringsliv

  4. Landbruk og havbruk

  5. Skule og oppvekst

  6. Helse og velferd (for mennesket og andre dyr)

  7. Samferdsel

  8. Fornybar energi

  9. Naturmangfald og miljøvern

  10. Levande lokalsamfunn

  11. Kultur og fritid

  12. Lokaldemokrati og deltaking

Innleing: Kva er berekraft?

Eit omgrep som forpliktar

Klima- og miljøkrisa er meir aktuell enn nokon gang. Både i nyheitene og i politiske debattar er det stadig oftare dette temaet som kjem først. Dette skulle berre mangle, då vi får stadig mindre tid til å gjere dei naudsynte endringane som skal til for å redde klimaet og økosystemet som vi alle er totalt avhengige av. Ingenting er bedre for god miljøpolitikk enn at toneangivande aktørar konkurrerer om å presentere dei beste løysingane på klima- og miljøkrisa. 

Men det hastar med handling. Endringa i ordksiftet har også ført til at ein del viktige omgrep har blitt til såkalla politiske “fyndord” som blir slengt ut, i praksis uforpliktande, alt for ofte. Eit klart døme på dette er omgrepet berekraft. Når stadig fleire produkt, konsept og prosjekt vert presenterte som “berekraftige” er det viktig at vi heldt eit kritisk fokus på kva dette omgrepet inneber og korleis det skal forplikte. Om omgrepet blir brukt for mykje, og også om saker der påstanden om berekraft ikkje er haldbar, vil det bli utvatna og miste meining.

Miljøpartiet Dei Grøne Ørsta vil rette seg etter eit forpliktande berekraftsomgrep og kjempe for at vi i Ørsta kommune gjer alt som kan gjerast for å sikre ei framtid for komande generasjonar, samtidig som vi svarar på dei behova som melder seg i no tid og nærare framtid. Det er dette som er berekraftig utvikling, og som er i tråd med FN sin definisjon. Denne vart utarbeida av ein kommisjon leia av Gro Harlem Brundtland allereie i 1987, og bygger på tre dimensjonar: økonomi, sosiale tilhøve og miljø og klima. 

Med andre ord vil Miljøpartiet Dei Grøne Ørsta kjempe for eit samfunn med sunn, berekraftig, og framtidsretta økonomistyring, rettvise og smarte sosiale løysingar og eit nullutsleppssamfunn som tek vare på planeten vår og det biologiske mangfaldet. Det er både fordi vi ikkje har noko val, og fordi vi veit at vi kan skape eit betre samfunn på denne måten.

Vi har ikkje noko val, fordi vi står midt i ei krise. C02-utsleppa aukar stadig, når vi må redusere desse drastisk snarast råd. Ein person som er 30 år i dag, har opplevd 50% av dei globale C02-utsleppa som har kome frå fossile brennstoff sidan 1751. Global oppvarming er eit soleklart faktum og konsekvensane gjer seg stadig meir gjeldande. Fleire og fleire dyreartar er truga, regnskogen minkar og med den drastiske nedgangen av pollinerande insekt er heile det globale økosystemet alvorleg truga. 

Vi veit at vi kan skape eit betre samfunn, fordi vi vil ta betre vare på naturen rundt oss, skape gode nærmiljø som gir ein trygg og harmonisk oppvekst, og hindre folkehelseproblem som kjem frå forureining av luft og vatn. For oss som har hatt ein trygg og god oppvekst i den vakre naturen i Ørsta, betyr det også mykje å ta vare på den naturen. Det er vårt fortrinn og vår styrke, og vi i Miljøpartiet vil at også framtidige generasjonar skal kunne oppleve alt det gode vi har fått.

Utfordringane er store, men vi veit også at sunnmøringar er eit smart og innovativt folkeslag. Ingen er vel betre rusta enn oss til å stupe med hovudet først inn i eit grønt skifte? Vi har skarp kompetanse på mange slags teknologiske løysingar og sterke næringslivsaktørar i vår region. Vi er heilt avhengig av desse gode kreftene når vi saman skal skape eit samfunn med reell berekraftig utvikling.

Kommunal klimaleiing

Administrasjonen treng konkrete mål og rammer

For å kunne realisere dei naudsynte klimamåla i tråd med Parisavtalen må vi ha ei sterk miljøleiing som ein del av kommuneadministrasjonen. Ørsta kommune har per i dag ein tilsett miljøvernkonsulent som har eit stort spenn av oppgåver, utan at faktiske klimakutt blir prioritert. Klimaplanen som ligg føre manglar i dag forankring i dagleg drift og leiing av kommunen. Klima- og miljøvernarbeidet må ha høg prioritet og dei tilsette innanfor dette området må ha konkrete mål å styre etter, samt føreseielege og robuste rammer og verkty til å gjennomføre naudsynte tiltak. 

 

Vi har ikkje noko val – kommunen må stimulere til kraftige kutt i utslepp, og det må skje raskt. Då må kommunal klimaleiing fungere på lik linje med alle andre ansvarsområder kommunen administrerer.

Miljøpartiet Dei Grøne Ørsta vil:

 

  • etablere ein forpliktande og ambisiøs klimaplan frå 2020 – med rekneskap og budsjett – for Ørsta kommune. Den skal ha mål om å kutte utslepp med 60 prosent frå dagens nivå innan år 2030, og følgast opp tett av både kommunestyre og administrasjonen, på lik linje med budsjett- og økonomiplan
  • stimulere til storsatsing på energiøkonomisering i offentlege og private bygg og anlegg
  • sørge for at alle køyretøy som kommunen investerer i skal vere elektriske frå og med 2020
  • i større grad vurdere klimakonsekvensane i alle relevante saker til politisk behandling
  • utarbeide ein klimastrategi for kommunens eigarskap
  • at kommunen gjer grundige kartleggingar og planlegg naudsynte klimatilpassingstiltak

 

Grønt næringsliv og innovasjon

Eit grønt løft der vi tør å tenke nytt

Ørsta kommune har hatt glede av smarte og framtidsretta næringslivsaktørar i mange tiår. MDG vil at kommunen skal stimulere og legge til rette for eit reelt berekraftig næringsliv som er rusta for det nye hundreåret og det grøne skiftet. Då treng vi ein næringspolitikk som set klima og miljø først, og som er til hjelp og støtte for bedrifter som vil gjere tilpassingar, endringar og utforske nye, grøne bedriftseventyr.

 

Miljøpartiet er opptekne av at kommunen skal legge til rette for eit inkluderande arbeidsliv alle stader i Ørsta, og hjelpe bedrifter med tiltak og tilpassingar der det trengs.

 

Turisme i Ørsta har stort potensiale og Miljøpartiet Dei Grøne er positiv til ei veksande, berekraftig turistnæring som spelar på lag med lokalsamfunnet og sikrar langsiktige, stabile arbeidsplassar – heile året. Framtidsretta turisme er grøn og utslippsfri. Vi vil legge til rette for turistar som vil opphalde seg i kommunen i lengre perioder og som tek i bruk lokale tilbod innanfor både friluftsliv, servering og kultur.

 

Miljøpartiet Dei Grøne Ørsta vil:

  • seie nei til cruisehamn i Ørsta
  • jobbe for ein revidert reiselivsplan som tek vare på produktet vi sel – bygdene og naturen vår – og sikrar inntekter til lokale aktørar
  • at klima- og miljøomsyn blir ein del av retningslinjene for Næringsfond Ørsta kommune
  • at kommunen stiller krav til fossilfrie anleggsplassar innan 2025
  • sikre eit inkluderande og mangfaldig arbeidsliv som er attraktivt, også for kvinner
  • legge til rette for at private bedrifter tilset folk med funksjonshemmingar, og tilpasse fleire jobbar for desse i det offentlige
  • hjelpe bedrifter med tilgang til relevant forsking og kompetanse for grøn næringsverksemd
  • gjere kommunen attraktiv for gründerar og nye verksemder

 

Land- og havbruk

Ørstamat til ørstaganer

Kommunen har eit forvaltaransvar og må tenkje langsiktig på komande generasjonar når vi skal lage ein politikk for korleis vi er forsynte med mat frå jorda og fjordane våre. Innovasjon og nytenking innanfor landbruk og havbruk er heilt avgjerande for det grøne skiftet. Det handlar om effektiv ressursbruk, hindre utarming av matjord og reell sjølvforsyning. 

 

Vi skal vere kompromisslause på jordvern, stimulere til utforsking av eit meir variert landbruk der det er mogleg og sikre gode tilhøve og god dyrevelferd for husdyra i kommunen. 

 

MDG er positive til oppdrettsanlegg i fjordane i Ørsta, men ynskjer å få denne drifta inn i lukka anlegg, slik at ressursane frå næringsverksemda kan utnyttast til det fulle. I Norsk industri sitt vegkart for havbruksnæringa heiter det at oppdrett av laks må skje med ein teknologi som eliminerer problema med lakselus, hindra rømming og tek vare på verdien av partikulært materiale innan 2030. MDG stiller seg bak denne nullvisjonen og ynskjer at Ørsta kommunen innfrir innan 2025.

 

Miljøpartiet Dei Grøne Ørsta vil:

  • føre vidare dagens areal med matjord – og alltid prioritere jordvernet høgast
  • restaurere og få i drift drivverdig matjord som står i fare for å gå tapt
  • stimulere til fleire arbeidsplasser og auka mangfaldig produksjon innanfor berekraftig og økologisk landbruk
  • fremje Bondens Marked for direkte omsetnad av kortreist mat frå bonde til forbrukar
  • at pelsdyroppdrettarar må få tilstrekkeleg omstillingsstøtte ved avviklinga
  • stimulere til å auke produksjon av frukt, korn og grønnsaker
  • søke miljødirektoratet om tilskot til lokale fisketiltak for å ta vare på og fremje berekraftig bruk av bestandane av villaks og sjøaure  
  • at omfanget av ureining under og kring oppdrettsanlegga må dokumenterast. MDG går imot konsesjonar for nye anlegg inn til eksisterande anlegg er lukka 
  • at Ørsta kommune vedtek ein nulltoleranse for rømming, lus og utslepp i oppdrettsnæringa innan 2025
  • arbeide for å få fleire til å drive økologisk sjøbruk og utforske etablering av pilotanlegg for tareproduksjon

Skule og oppvekst

Det aller viktigaste for ei berekraftig framtid

Ingenting er viktigare for ei berekraftig framtid enn at born og unge får ein trygg oppvekst. I Noreg har vi god tradisjon for å behandle born som heile menneske og hjelpe dei som treng det, men ulike faginstansar treng tilstrekkelege ressursar og hjelp til god samhandling for å kunne gjennomføre sine oppgåver på ein forsvarleg måte. 

 

Den viktigaste oppgåve til skulen er å sikre at barn og unge utviklar seg til kunnskapsrike, skapande menneske med sjølvtillit og sjølvinnsikt, og med forståing og vilje til å ta ansvar for seg sjølv og sine omgjevnader. For grunnskulen betyr dette også at borna for høve til å bli godt kjende med naturen og livsgrunnlaget vårt, samt nok tid til leik og kreativ læring.

 

God psykisk helse er avgjerende for at fleire skal vere rusta for å fullføre videregående utdanning. Dette arbeidet byrjar i grunnskulen. MDG vil auke ressursane slik at hjelp til å takle psykiske utfordringar eller psykisk sjukdom er lett tilgjengeleg for alle barn og unge.  Det viktigaste er førebyggande tiltak, og at vi byggjer opp skulemiljø med rom for alle. 

 

Vi vil ha fleire yrkesgrupper inn i skulen, som til dømes miljøarbeidarar, ungdomsarbeidarar og helsearbeidarar. Dette vil også gi meir tid til lærarane, slik at dei kan fokusere meir på undervisinga. Vi vil også lytte til fagfolka i kommunen og sikre god kommunikasjon mellom skule, barnevern og andre instansar som er der for å hjelpe barn og unge i kvardagen. 

Miljøpartiet Dei Grøne Ørsta vil:

  • auke budsjett for digitale ressursar i grunnskulen og sikre at lærarane har god kunnskap om bruk av verktøya
  • sikre to kontaktlærarar i alle klassar i småskulen (1.-4. kl.) med meir enn 16 elevar
  • sikre at alle læremiddel til elevar ligg føre på nynorsk
  • fremje frileik, friluftsliv, musikk, kunst og undring i småskulen
  • satse meir på praktisk/estetiske fag
  • legge til rette for at alle skular skal ha ein skulehage, gjerne i samarbeid med landbruksnæringa
  • melde dei kommunale skulane inn i Natursekken: https://www.natursekken.no/ 
  • sikre at spesialundervisning blir gitt av personar med formell spesialpedagogisk kompetanse
  • sikre at born med samansette behov får den hjelpa dei har krav på ved å sikre god, tverrfagleg samhandling
  • ha bilfrie hjartesoner rundt alle grunnskular i kommunen, slik at ein trygt kan ta seg til skulen – også utan bil

 

Helse og velferd

Retten til god helsehjelp der du bur

Miljøpartiet Dei Grøne Ørsta vil sikre at bebuarane på institusjonar for sjuke og gamle vert servert dagsfersk mat av høg kvalitet. Også den middagen som blir sendt ut til heimebuande eldre må vere nylaga, og gjerne eit vegetarmåltid i veka.

 

Der er mange teknologiske nyvinningar i utvikling innanfor helse- og omsorg og kommunen må sørge for å halde seg oppdatert og alltid jobbe for eit stadig betre tilbod som kan gjere kvardagen enklare for dei som treng hjelp heime. Vi må alltid sikre pleietrengande og bebuarar på ulike institusjonar høgast mogleg livskvalitet og ein meiningsfull kvardag.

 

Vi må sikre effektive og rettvise ordningar for å forebygge og redusere fattigdom i Ørsta. Gode støtteordningar som sikrar alle born tilgang til meiningsfulle fritidsaktivitetar er svært viktig. Kommunen må ha som hovudregel å lyse ut heiltidsstillingar og forhindre ufrivillig deltid. Samtidig må kommunen gi rom for at dei som vil prioritere familie og fritid kan jobbe i reduserte stillingar om dei ynskjer det. 

 

Miljøpartiet Dei Grøne Ørsta vil:

  • sikre at alle barn får ta del i fritidsaktivitetar, uavhengig av familieinntekt
  • sikre  at alle har eit godt helse- og omsorgstilbod – samme kvar dei bur
  • at kommunen sikrar gode tilbod for meiningsfulle fritidssyslar i kvardagen til pleietrengande og bebuarar på helse- og omsorgsinstitusjonar
  • forhindre ufrivillig deltid – og gi rom for dei som ynskjer reduserte stillingsbrøkar
  • at kommunen jobbar for å sikre behandlingstilboda i nærområdet, inkludert Volda sjukehus og Mork rehabiliteringssenter
  • lytte til dei tilsette og sørge for nok ressursar og bemanning innanfor både barnevern og psykiatri
  • jobbe for at kommunen løyser problem kring tilsetting av ein kommunepsykolog og sikre at denne har tilgang til eit større fagleg nettverk gjennom interkommunalt samarbeid
  • jobbe for best mogleg inkludering av flyktningar og innvandrarar
  • sikre skeive sine rettar

 

Samferdsel

Trygge vegar for mjuke trafikantar og eit styrka kollektivtilbod

Å effektivisere og utvikle korleis vi forflyttar oss på og transporterer varer er ein sentral del av det grøne skiftet. Sjølv om der er skilnad på by og land er der likevel mange smarte tiltak som kan gjere dette betre også i Ørsta kommune.

 

Vi må ha god regulering av biltrafikk for å gjere sentrumsområda attraktive for syklande og gåande. Samtidig må vi bygge ut fleire sykkel- og gangvegar og sykkelfelt i vegskuldra der det er det naturlege. Det skal vere trygt for både små og store å ta seg fram utan bil i kommunen vår. 

 

Kommunen må auke presset på både fylket og staten for å betre kollektivtilbodet i kommunen, slik at både eldre utan bil og born og unge lett kan forflytte seg mellom bygdene våre. Vi må prioritere borna i byggefelta rundt Ørsta sentrum og andre stader, med reduserte fartsgrenser og fleire fartshumpar der det trengst.

 

Miljøpartiet Dei Grøne Ørsta vil:

  • bygge fleire og betre sykkelvegar – både i sentrum og på bygdene
  • 30-soner i alle byggefelt og fleire fartsreduserande tiltak
  • at mjuke trafikantar blir prioritert i sentrum
  • styrke kollektivtilbodet i heile kommunen og regionen
  • jobbe for ei betre løysing i flyplasskrysset og busstilbod til flyplassen
  • utarbeide skilting for sykkelruter i området, både for turistar og lokalbefolkninga
  • jobbe saman med andre kommuner på sunnmøre for betre kollektivtilbod som alternativ til flyreiser
  • jobbe for å etablere hurtigladarar i Ørsta sentrum, på Vartdal og på Sæbø
  • ha bilfrie hjartesoner rundt alle grunnskular

 

Fornybar energi og effektiv ressursbruk

Nøkkelen til omstilling

Årsaken bak klimakrisa er forbruket vårt og korleis vi produserer energi, varme og det vi elles treng i kvardagen. Soleis er nøkkelen også enkel: Vi må redusere forbruket gjennom meir effektiv ressursbruk, sirkulær økonomi og utsleppsfri energiproduksjon. Denne omstillinga må skje over alt, også i Ørsta kommune. 

 

Vi må bygge smart, slik at det krev mindre energi å varme opp og drifte bygga vi treng. Vi må også jobbe for smarte løysingar til å forsyne desse bygga med energi. Vi må kjøpe inn produkt som varer og som kan resirkulerast eller brukast på nytt, og vi må handtere avfall på ein måte som gjer at det er til nytte innanfor nye bruksområde.

 

Å effektivisere og tenkje miljøvenleg er også god økonomisk tankegang. Sløsing er aldri godt for noko – det veit vi alle. Likevel har vi i dag eit samfunn der det ikkje blir gjort nok for å sikre effektiv ressursbruk. Kommunen må vere offensive og sikre ein rask overgang til fornybar energi alle stader og mindre sløsing i alle instansar. 

 

Teknologien og løysingane finst – vi må berre vere nok framtidsretta til å ta det i bruk.

 

Miljøpartiet Dei Grøne Ørsta vil:

  • arbeide for at Ørsta satsar tungt på ENØK, fornybar energi og klimaplanar i næringslivet
  • at tiltak som solceller, solfangarar, jordvarme og effektiv oppvarming og resirkulering av varme har høg prioritet i alle nybygg
  • nytte eigarskapen i Tussa kraft til å kjempe for stadig meir utbetring av vasskraftanlegg, og alltid sørge for at vi utnyttar denne ressursen så godt som mogleg
  • få fortgang i prosessen kring biogassanlegg på Melsgjerdet
  • stille krav til private utbyggarar kring energibruk i planlagte prosjekt
     

Naturmangfald og miljøvern

Vi kan ikkje leve utan naturen

I Ørsta er vi stolte av naturen vår. Det er vår fremste merkevare for tilreisande, og ei rik kjelde til rekreasjon og god folkehelse for alle som bur her. Naturen rundt oss er også ei konstant påminning om korleis vi er knytt saman med resten av planeten. Vi er avhengige av naturmangfaldet for å sikre ei berekraftig framtid, og om vi ikkje tek vare på naturen står både matforsyning, tryggleik og alle former for livskvalitet på spel. 

 

Naturen har også ein eigenverdi i seg sjølv, og det einaste riktige er å verne uberørt natur og sikre gode livsvilkår for det sårbare økosystemet vi alle er ein del av. Alle potensielle tiltak, om det er utbygging av boligområder, vegar, vasskraft, vindkraft eller andre saker, må alltid setjast opp mot miljøvern og naturmangfaldet.

Miljøpartiet Dei Grøne Ørsta vil:

  • etablere ein nullvisjon for tap av naturmangfald i Ørsta kommune
  • jobbe for mest mogleg grøntområder i både sentrumsområder og bustadfelt, med blomar og andre planter som sikrar gode livsvilkår for bier og andre insekt
  • sikre god avfallshandtering, fleire offentlege søppelkasser og sikre at mindre plast forrureinar naturen 
  • verne om verdifulle vassdrag og prioritere effektivisering av vasskraft framføre meir utbygging
  • seie nei til vindmøller i uberørt natur

Levande lokalsamfunn

Attraktive bygder og bustadfelt i heile kommunen

På same måten som Noreg er eit land med mange sentrum har Ørsta kommune også fleire sentrum. Vi må ha gode møtestadar og oppvekstvilkår i heile kommunen. 

 

Miljøpartiet Dei Grøne Ørsta vil:

  • følge prosessen kring ny arealplan for Ørsta sentrum tett og sikre gode møteplassar og eit levande sentrum
  • stimulere til meir aktivitet i grendalag og vellag gjennom betre støtteordningar med enkle prosessar og god rettleiing
  • jobbe for fleire grøntareal og leikeplassar i alle bygder og bustadfelt

Kultur og fritid

Livskvalitet og styrka samhald gjennom kultur og aktivitet

 

Eit sterkt og mangfaldig kultur- og fritidstilbod for alle sjikt av bebuarane i kommunen er eit viktig gode for å sikre livskvaliteten til folk flest, og for å skape samhald og gode møteplassar. Slik styrkar vi lokalsamfunnet og vår felles identitet.

 

Kultur skal både utfordre og begeistre. Ørsta har ei lang og stolt kulturhistorie, og stadig fleire toneangivande aktørar veks opp i bygdene våre. For å halde denne utviklinga ved like er det viktig med eit godt og breitt kulturtilbod for born og unge, gjennom kulturskule, ungdomsklubbar og gode tilhøve for frivillige lag. Ørsta har mange spennande festivalar, og Miljøpartiet vil sikre desse gode tilhøve, føreseieleg støtte og jobbe for godt samspel mellom alle involverte aktørar i festivalsesongen.

 

Idretten spelar ei stor rolle både som kulturleverandør og for folkehelsa. Miljøpartiet vil sikre ei vidare utvikling av det gode arbeidet som har blitt gjort rundt fleirbrukshallen og Ørsta stadion, og sikre at flest mogleg har tilgang til desse fasilitetane. Vi vil også jobbe for eit godt tilbod til born og unge som fell utanfor dei meir tradisjonelle idrettsaktivitetane.

 

Friluftsliv er kanskje den aktiviteten flest deler i kommunen vår. MDG vil sikre at vi har god infrastruktur knytt til populære turdestinasjonar, og at det er enkelt for lokale lag å halde desse godt ved like, fri for forsøpling og at vi tek vare på naturen samtidig som vi brukar han.

 

Miljøpartiet Dei Grøne Ørsta vil:

  • Løfte fram den uorganiserte idretten og legge betre til rette for friluftsliv og anna uorganisert fysisk utfolding
  • ikkje støtte kommunale overføringar til bruken av gummigranulat i kunstgrasbaner
  • støtte utvikling og drift av utlånssentralen for blant anna sportsutstyr. På sikt ønsker vi at utlånstilbodet vert utvida til for eksempel verktøy, hagereiskap, grovkjøkkenutstyr og utkledningstøy
  • sikre at lokale kor, korps, band og andre frivillige kulturlag har tilgang til eigna lokaler
  • styrke Kaihuset og fritidstilbodet for ungdom i kommunen
  • spele på lag med musea i regionen og sikre gode rammevilkår for desse
  • styrke bibliotekstilbodet
  • støtte Musikk i sentrum og andre lokale kulturinititativ 
  • sikre ei vidare, føreseieleg støtte for lokale festivalar

 

Lokaldemokrati og deltaking

Opplyste borgarar sikrar demokratiet

For at lokaldemokratiet skal fungere må kommunen sikre at borgarane er opplyste og har høve til å delta best mogleg. Då må vi gjere det enklare å få innsikt i viktige saker som er under behandling av både kommunestyret og andre innstansar og sørge for kortast mogleg avstand mellom folk, politikarar og kommuneadministrasjonen. 

 

Møre-Nytt og andre lokalaviser gjer ein viktig jobb for å sikre demokratiet og å avdekke ulike sider av drifta av kommunen, politiske prosessar og mykje meir. Men ressursane til lokalavisene er stadig meir avgrensa og til trass for deira iherdige innsats er det krevjande for lokalbefolkinga å halde seg orientert om kva som går føre seg. 

 

Difor må vi jobbe for at kommunen gjer prosessar synlege, gjer sakspapir forståelege og passeleg kortfatta og at kommunen er både tilstrekkeleg aktiv og synleg i sosiale medier og andre stader på nett. 

 

Miljøpartiet Dei Grøne Ørsta vil:

  • alltid ha direktesendte kommunestyremøter, formannskapsmøter og andre opne møter med folkevalde på nett, med god kvalitet og enkel tilgjenge for alle
  • stille krav til administrasjonen kring framstilling av kompliserte saker og kortfatta oppsummeringar av alle sakspapir
  • syte for at alle nye kommunale planar blir gjort lett synlege og tilgjengelege for alle bebuarar i kommunen
  • jobbe for fleire opne folkemøte og fagode møteplassar mellom folk og politikarar
  • samarbeide med dei andre partia i kommunen om meir synlege og attraktive møtestadar knytt til valkampar – både under stortingsval, fylkesval og kommuneval