Rotsetfjøra for alle!

Fotocredit: Det er mykje betong og skrot i området mellom Garvarbuda og Scana. Tenk om vi kan få til ein badeplass her.

I kommunestyremøte i Volda torsdag 2. mars fikk MDG fleirtal for forslag om å utsetje reguleringsplanen for Rotsetfjøra (melleom Scana og Garvarbuda) til etter at arealdelen av kommuneplanen er vedtatt. Her er MDG Volda sine argument for å få til eit friområde med lett tilkomst til fjorden for alle.

2. mars, 2017

Det eit kommunalt ansvar å gjere vedtak som gagnar fellesskapen på best vis.  Folkehelseperspektivet er sentralt i kommunen vår, og det er ikkje urimeleg å trekkje fram dette når vi ser på korleis vi ynskjer å bruke tomtene nærast fjorden. Tilkomst til sjøen er eit gode som flest mogleg må få glede av.

Miljøpartiet Dei Grøne i Volda ser med stor skepsis på dei framlagte planane om bustadhus med seks etasjer i Rotsetfjøra. No er det klart for meir enn 100 bueiningar i Håmyra. Det byggast på Rotset og nytt kommunalt felt i Bratteberg er klart. Dette vil lette på bustadmangelen i Volda. Det hastar difor ikkje med å bygge i Rotsetfjøra.

Det er få stader ein med hell har bygd høgt og stort i strandsona. Ørsta fekk nyleg terningkast ein på grunn av kjøpesenteret på den finaste tomta i bygda. No må ikkje Volda gå i same fella og bygge høgt og stillaust i den korte strandsona vi har ved sentrum.

Rotsetfjøra har eit historisk bygningsmiljø med dei freda bygningane på Ristegarden i tillegg til Garvarbuda med landingsvoren. Vidare er trehusa på nedsida av Naustvegen blant dei eldste i Volda sentrum, og fjøra i området er den siste sentrumsnære naturlege fjøra. Planane som er lagt fram har ein arkitektur som ikkje passar med det eksisterande historiske bygningsmiljøet og som ikkje bidreg positivt for bustadmiljøet elles i området.

Båtopptrekksplassen i Rotsetfjøra har blitt nytta av mange fritidsbåteigarar, og har lenge vore eit viktig tilskot i Volda sitt båtmiljø. Ei god båtstø i Rotsetfjøra ville føre til at fleire fekk høve til å nytte fjorden som rekreasjonsområde.

Miljøpartiet Dei Grøne meiner at kommunen bør stille krav om fri ferdsel langs Rotsetfjøra, samt krav om lågare byggehøgde, felles båtopptrekk og byggestil som samsvarar med eksisterande bygningar, t.d. trehus med møne. Nedre del av arealet bør regulerast som friområde, og så vert det plass til småhusbusetnad nærare vegen.

For å sikre at dette området vert nytta på ein vitug måte er det naudsynt å vente med å bestemme framtida for Rotsetfjøra til den nye arealdelen i kommuneplanen er ferdig!

Styret i Miljøpartiet Dei Grøne, Volda