Miljøpartiet Dei Grøne Volda vil:
1. Ha strengare vurdering ved dispensasjon frå reguleringsplan.
2. Ha synfaring og orientering for naboar i tillegg til nabovarsel.
3. Unngå reine hybelhus i etablerte felt med einebustader.
4. Kreve energiproduksjon frå tak eller veggflater ved større utbyggingar av byggfirma.
5. Ha variert byggestil innanfor eit byggefelt.
6. Ha ein prosentandel kommunale utleigebustader ved alle større utbyggingar.
7. Ha grundige vurderingar av konsekvensar for tilførselsvegar.
8. At miljø- og klimakonsekvensar for utbygginga skal vurderast mot klimaplanen i kommunen.
9. Ha kartlegging av svartlista og raudlista artar før utbygginga vert godkjend, og kreve fjerning av eventuelle tilførte svartlista artar etter utbygging.
10. At plast- og isoporavfall skal lagrast i lukka kontainer i byggeperioden for å unngå spreiing med vind.
Vi må ikkje risikere at sjukehuset mister helikopterlandingsplassen. Vi går difor imot den planlagde utbygginga ovanfor sjukehuset.