Fotocredit:

Salt og pepar, So es Bors

Denne hausten har vore spesiell for oss. Først ein fargerik, hektisk og artig valkamp, deretter eit flott valresultat med representasjon i kommunestyra. Intense forhandlingar og politikaropplæring. No er vi på plass, og kan jobbe gjennom politiske verv, ikkje berre gjennom avisinnlegg og sosiale media. Dette skal feirast , og vi inviterer med dette til haustens sosiale MDG-arrangement.

13. november, 2015

Tirsdag den 17. november møtes vi på den ungarske restauranten So Es Bors, som tyder salt og pepar på ungarsk. http://www.soesbors.com/ Vi har bestilt bord til klokka 19:00, og håper veldig at du blir med på dette.

Det er høve til å kjøpe seg god mat, menyen er kulinarisk.

Øyvind og Frida har lova å fortelje frå forhandlingar og første tida i kommunestyra. Dei vil orientere om kva saker som vert prioritert no i haust, og vil gjerne vite kva du synest er viktig å prioritere i 2016.

Ei sak som vi kan prate om er kommunesamanslåing eller ikkje. Og du må gjerne kome med innspel til MDG sitt neste program for perioden 2017-2021.

Først og fremst, dette er uformelt, ta med din grøne interesserte ven!

Velkomen, velkomen!