Seglbåtstrandrydding i Ørsta

10. mai, 2015

Seglbåtstrandrydding i Ørsta

Miljøpartiet Dei Grøne i Ørsta brukte ein lang laurdag til omfattande strandrydding på Raudøya. 50 sekkar bos og haugar med isopor. Dette var knappe 300 meter av stranda på sørsida av Raudøya. Mykje gjenstår.

Seglbåten var stappfull med skrot. Takk til dei som stilte opp, og takk til Volda Ørsta Reinhaldsverk som vil hente skrotet på hamna.