Diverre har vi funne mykje søppel langs vegar og bekkar i Volda denne vinteren, når snøen manglar er det enklast å oppdage skrot og rot her og der. Alle medieoppslaga i det siste forklarar godt kor skadeleg dette er for dyreliv, frå svære kvalar til mikroorganismarar i sjø og på land.
MDG var også på bedriftsbesøk på VØR og fikk ei grundig orientering frå dagleg leiar, Petter Bjørdal, om utfordringane med å auke materialgjennvinning og innføre innsamling av våtorganisk matavfall. Skrot og rot i naturen vert på fagspråket kalla herreløst avfall, VØR er positive til å ta imot slikt ved aksjonar som Strandryddedagen.
Miljøpartiet Dei Grøne fremja nyleg 10 forslag i Stortinget for eit reinare hav. Kraftig auke i flaskepanten er ei av dei overmodne tiltaka som ingen av regjeringane har brydd seg med på 30 år. Men vi må også ha tiltak i kvar kommune. Kva kan vi få til i Volda for å redusere forsøplinga?
- Opplysning- og haldningskampanjar for å redusere mengda av plastavfall.
- Fleire søppelbøtter langs vegane, både i sentrumskjernen og rundt Campus, slik ungdomsrådet har foreslått.
- Plakatar med «Hald Volda reint»
- Fleire ryddeaksjonar i tillegg til Strandryddedagen, som diverre kjem litt for seint på våren, når spiringa skjuler dei små plastbitane.
- Skjerpa tiltak rundt kunstgrasbanene og overgang av miljøvennlege baner.
- Skuleklasser har vore flinke, men kanskje ein meir systematisk aksjon må til?
- I fadderveka må nye studentar få presisert i korleis dei kan vere med å halde Volda reint, gjerne ein tur med søppelsekkar.
MDG oppfordrar dei andre partia i Volda til å kome med innspel som kan danne grunnlag for eit reinare Volda.
Til slutt vil vi gi stor honnør til Hamna Dagsenter som er ute med vogna si og plukkar søppel i all slags vêr.
Miljøpartiet Dei Grøne Volda