Skrot og rot i Volda

Fotocredit: MDG sin toppkandidat til stortingslista, Lage Nøst, ryddar mosegrodd isopor i Elvadalen saman med Silje Balset og Louise Hestholm frå Grøn Ungdom.

I samband med lokallagsårsmøtet til MDG, hadde vi og Grøn Ungdom ein tur i Elvadalen med hanskar og seks søppelsekkar. Vi leita eit stykke frå stien, og det var rikeleg å ta av, på 15 min var sekkane fulle.

Mest isopor og plast. Noko var så gammalt og inngrodd at vi måtte løfte på torva og drage fram metervis med plast. Isoporen var delvis tilgrodd med mose. Isopor løyser seg opp med tida, og vert til små kuler som flyt. Fugl og fisk snappar det opp frå vassflata fordi dei trur det er mat.

12. mars, 2017

Diverre har vi funne mykje søppel langs vegar og bekkar i Volda denne vinteren, når snøen manglar er det enklast å oppdage skrot og rot her og der. Alle medieoppslaga i det siste forklarar godt kor skadeleg dette er for dyreliv, frå svære kvalar til mikroorganismarar i sjø og på land.

MDG var også på bedriftsbesøk på VØR og fikk ei grundig orientering frå dagleg leiar, Petter Bjørdal, om utfordringane med å auke materialgjennvinning og innføre innsamling av våtorganisk matavfall. Skrot og rot i naturen vert på fagspråket kalla herreløst avfall, VØR er positive til å ta imot slikt ved aksjonar som Strandryddedagen.

Miljøpartiet Dei Grøne fremja nyleg 10 forslag i Stortinget for eit reinare hav. Kraftig auke i flaskepanten er ei av dei overmodne tiltaka som ingen av regjeringane har brydd seg med på 30 år. Men vi må også ha tiltak i kvar kommune. Kva kan vi få til i Volda for å redusere forsøplinga?

  • Opplysning- og haldningskampanjar for å redusere mengda av plastavfall.
  • Fleire søppelbøtter langs vegane, både i sentrumskjernen og rundt Campus, slik ungdomsrådet har foreslått.
  • Plakatar med «Hald Volda reint»
  • Fleire ryddeaksjonar i tillegg til Strandryddedagen, som diverre kjem litt for seint på våren, når spiringa skjuler dei små plastbitane.
  • Skjerpa tiltak rundt kunstgrasbanene og overgang av miljøvennlege baner.
  • Skuleklasser har vore flinke, men kanskje ein meir systematisk aksjon må til?
  • I fadderveka må nye studentar få presisert i korleis dei kan vere med å halde Volda reint, gjerne ein tur med søppelsekkar.

MDG oppfordrar dei andre partia i Volda til å kome med innspel som kan danne grunnlag for eit reinare Volda.

Til slutt vil vi gi stor honnør til Hamna Dagsenter som er ute med vogna si og plukkar søppel i all slags vêr.

Miljøpartiet Dei Grøne Volda

- Til slutt vil vi gi stor honnør til Hamna Dagsenter som er ute med vogna si og plukkar søppel i all slags vêr.