Solkraft i liten og stor målestokk

Fotocredit: På stand i Volda. Varaordføraren vurderer teknologien :)

På valgstand i Volda sentrum stilte MDG med eigenprodusert telefonladar som brukar 100% solkraft. Knut Arne tok turen frå Ørsta og demonstrerte sitt minienergianlegg.

MDG gratulerer Høgskulen i Volda med fylkets største solcelleanlegg på taket til Berte Kanuttebygget. Vi vil jobbe for at også kommunale bygg får slike storskala kraftanlegg. Det er ikkje berre på soldagane at energien kjem med lyset.

26. august, 2017

På Høgskulen kan ein følge med på skjermar kor stor produksjonen er frå time til time og frå dag til dag.

MDG vil kartlegge solressursane i Norge, og gi investeringsstøtte til solstraumanlegg og solfangarar. Vi vil gjennomføre ei storstilt satsing på å utvikle ny fornybar energiproduksjon som havvind, biogass, solenergi, bølgekraft og geotermisk energi.

Solcelleanlegget på Høgskulen i Volda viser energiproduksjonen på ein skjerm i vestibylen.