Standkampen i gang i Volda

Dette er første kommunevalet som MDG er med på i Volda.

Laurdag var det masse folk i sentrum, nye studentar, loppemarknad, og lokalpartia med stand langs Cubus-butikken.

Vi var 4 som delte ut hundrevis av MDG-brosjyrer. Det vart mange gode politiske samtalar både med andre parti og med publikum.

Det var kjekt å få støtte frå så mange forbipasserande, og dei fleste kommenterte at vi kjem til å få inn minst ein representant.

Det var god stemning i godt ver, kjekke folk i alle parti. Vi utveksla kaffi og vaflar, – og ingen ukvemsord.

Og så var det mange som likte at vår stand var litt anleis enn dei tåpelige sirkustelta til dei andre partia. Blomster og gode stolar gir livskvalitet!

 

22. august, 2015