Strandryddedagen 2015

MDG i Volda vil i år rydde søppel langs Øyraelva på Strandryddedagen laurdag den 9. mai. I fjor rydda MDG i Ørsta og Volda meir enn 200 kg søppel utover stranda frå ferjekaia i Volda.

2. mai, 2015

Hold Norge Rent har sidan 2011 hatt nasjonale aksonsdagar for rydding langs strendene og vassdrag. I år har Naturvernforbundet Ørsta/Volda utfordra organisasjonar og frivillige til innsats i Volda.

Møt opp klokka 12:00 ved Byggmix på Rotset. Ta med hanskar, så tek vi med sekkar. Vi held på i to-tre timar. Kartet viser samleplassar for søppelsekkane.

Vi ryddar langs sjølve Øyraelva, langs stien og alle tilstøytande småvegar, som f.eks gangvegen mot Ungdomsskulen. Har vi tid til overs, så treng gangvegen nedanfor Høgskulen, og Prestegata rydding.

MDG i Ørsta vil gjerne ha folk med båt til å rydde strendene på Raudøya. Oppdatert onsdag 6.mai: MDG Ørsta møter på VØR klokka 12:00 9.mai!!!

Bli med på dugnaden, du treng ikkje vere eller verte medlem i MDG for å ta del i aksjonen.