Denne planten er her allereide. I mange hagar, langs vegar og i sentrum av Volda. I Røysgata, langs Røysbakken og Rotsetvegen i Volda. Ved Gravferdsbyrået på Ose og langs Sørestranda i Ørsta. Langs Eiksundsambandet, på Lauvstad, i Bjørkedalen, i Austefjorden, på Folkestad, på tomta til VØR og mange andre stadar.
Parkslirekne heiter den, – eit underleg namn, ein vakker plante.
Parkslirekne og andre slirekner er innført frå utlandet som hageplante for mange år sidan. Den har sidan spreidd seg gjennom privat hageavfall, gjerne ved at hageavfallet er blitt dumpa ved ei elv eller i hjørnet på tomta. Sidan har planten spreidd seg via reiskap og jordmasse til entreprenørar. I artsobservasjoner.no kan ein søke og finne nokre av lokalitetane, men på langt nær alle. Miljøvernavdelinga hos Fylkesmannen ber folk om hjelp til å kartlegge dei svartelista artane.
Det finst metodar for fjerning av parkslirekne, dei er alle kompliserte, arbeidskrevande og tidkrevande. 3 til 5 års nøyaktig innsats er nødvendig uansett metode. Plantegifta Glyfosat (Roundup) er ikkje å tilrå. Regelmessig rydding er meir miljøvennleg. Nedkapping må gjentakast minst kvar fjerde veke i fleire år. Plantedelar som kan føre til ny spiring må leggast i restavfallet til forbrenning.
Til lenger ein ventar med tiltak mot spreiing, til verre blir det å få fjerna parkslirekne. Det er viktig å kome i gang med systematiske ryddeaksjonar så snart som råd. MDG i Volda og Ørsta vil gjerne samarbeide med andre parti om å utarbeide gode tiltak mot spreiing av svartelista artar. Det er synd at Volda kommune ikkje har tilsett ein miljøvernkonsulent som kan organisere slikt arbeid i tillegg til mange andre viktige oppgåver. Vi trur det er nødvendig at kommunen samarbeider med Naturvernforbundet og andre organisasjonar for å få bukt med problema.
Av andre svartelista artar som er problematiske i vårt område må desse nemnast: Brun skogsnigel (Iberiasnigel), lupiner, sitkagran, platanlønn, legepestrot og mink.
I Møre og Romsdal er Rauma, Molde og Ålesund aktive i nedkjemping av parkslirekne. Volda og Ørsta bør kome med i prosjektgruppa som jobbar systematisk med dette.