Sykkelkommunen Volda

Fotocredit: Faksimile frå Møre

Vi hadde 4 grunngjevne spørsmål om gamle Austefjordvegen. Ingen av dei handla om sykkelveg til Grodås. Ordføraren svarte stort sett greitt på spørsmåla. Men det viktigaste for han er tydelegvis fokuset på kommunesamanslåing også i denne saka, med sykkelveg til Grodås som eit argument i debatten. Kanskje er breidda i tunnelen stor nok til å legge inn eit sykkelfelt? Kvivstunnelen er ikkje nokon triveleg sykkelveg, omvegen rundt Heggjadalen og Hornindalsvatnet vil ta heile dagen.

9. september, 2016

Trygg og tilrettelagd sykkelveg frå Volda langs gamle Austefjordvegen, på utsida av tunnelane, med god skilting og informasjonsbrosjyrer, også med advarsel om steinskred. Det er god reiselivssatsing. Sykkelturisme er det rette for Volda, med arrangerte fellesturar.

Dalsfjorden rundt er allereie ein sykkelklassikar, med sykkelritt.

Austefjorden rundt er også ein fantastisk variert rundtur som mange likar.

Sykkeltur frå Volda til Fyrde, Kalvatn, Bjørke og Viddal er den tredje lite traffikerte ruta som vil passe for sykkelturistar. Ein skikkeleg dagstur. Skyssbåten på Hjørundfjorden kan få syklistane vidare til Urke og Norangsdalen.

Sentrum i Volda kan leggast betre tilrette for syklistar, særleg i området ved Spinneriet.

Med krav om to tunnelløp i Voldatunnelen til Furene vil spørsmålet om ein rømningstunnel tilrettelagd for syklistar bli aktuelt. Ganske tøft, sjølv om dei fleste likar best å sykle ute i dagen.

I alle fall: Reiselivssatsinga i Ørsta har god suksess med toppturar i Sunnmørsalpane, og Saksa-trappa som ein spydspiss. Kanskje Volda her meir å hente med satsing på sykkelturisme? Det er få kommunar med så mange flotte heilt eller delvis bilfrie vegar.