Trivsel i kvardagen

Fotocredit: Busshaldeplassen i Volda

Miljøpartiet vil ta vare på trivselen i lokalsamfunnet. Ein mjuk stol på busstoppen kan vere med å få fleire til å reise kollektivt. Ta vare på bussen!

23. august, 2017

MDG Volda gjorde eit grått, betongtungt venteskur om til ein koseleg stovekrok i Volda sentrum. Ei bokhylle der folk kan finne ei bok å ta med seg, eller legge igjen ei bok dei har lese ferdig. Ei strikkekorg og mjuke puter gjer ventetida lett for den som skal ta bussen til Ørsta og ut i verda.

God livskvalitet er eit av hovudmåla til MDG i denne valkampen.

Dei Grøne vil ha eit varmare samfunn der livskvalitet kjem i sentrum, der arbeidstakarar kan velge meir fritid og ferie framfor stadig høgre lønn.

Vi vil:

  • Innføre livskvalitet innafor naturens tålegrenser som overordna politisk mål, ikkje stadig auka produksjon og materielt forbruk.
  • Skape eit varmare samfunn med mindre framandfrykt og utanforskap
  • Gi rom for meir fritid og frivillig innsats – mindre stress og kjøpepress
  • Skape grønare og trivelegere lokalmiljø med fleire møteplassar og kreative byrom, gode kollektivtilbod og trygge vegar for sykkel og gange
  • Gjøre det enklare for arbeidstakarar å velge kortare arbeidstid og gradvis redusere arbeidstida frå 37,5 til 30 timar i veka