Fotocredit:

Trygg tilgang til Munken badeplass

På årsmøtet i MDG Ørsta/Volda drøfta vi mange lokale trafikktryggingstiltak.

23. februar, 2015

Slik skal eit skikkeleg heva gangfelt merkast!
Slik skal eit skikkeleg heva gangfelt merkast!!!

Det er utruleg at det ikkje finst eit einaste gangfelt mellom Volda sentrum og Egset. Heile den flotte strandlina med fiskeplassar, sjøsportanlegg og badeplass har ingen trafikktrygg passering av E 39 for innbyggarane på Hauane, Engeset og Frøholmfeltet.

MDG vil ha tydelege heva gangfelt aust for Munken badeplass og ved busslomma ved Sanitetshuset. Folk må få trygg tilgang til nærmiljøet sitt, det må bli slutt på at fart og framkomst for bilar alltid skal trumfe gode nærmiljøtiltak.

Fartsgrensa må ned til 40 i det meste av sentrum, og 50-sona i Volda må starte utanfor det trafikkfarlege krysset ved Sanitetshuset.

Dette er berre eitt av mange viktige punkt i programmet til MDG i Volda, som snart blir publisert.

Sanitetshus-krysset.